Miljøarbeidar 

Bjørnafjorden Søknadsfrist 27. oktober 2026 Fast Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Os vidaregåande skule er ein kombinert skule som tilbyr studiespesialisering og yrkesfag. Skulen har om lag 700 elevar og 130 tilsette fordelt på to lokasjonar: Kolgskogheiane og Gymnasvegen. Ved studiespesialiserande tilbyr skulen fordjuping innan idrettsfag, realfag eller språk- og samfunnsfag. Skulen tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv, og teknologi- og industrifag. I tillegg har vi landsliner innan anleggsteknikk og yrkessjåfør, påbygg til generell studiekompetanse og særskilt tilrettelagd opplæring.

Skulen sitt elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Visjonen vår byggjer på føremålsparagrafen i opplæringslova: Vi arbeider med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke.

Skulen har frå 1. januar 2027 ledig 100 % fast stilling som miljøarbeidar.

Stillinga er for tida knytt til tilrettelagt opplæring, HTA og HTH.

Arbeidsoppgåver

Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag:

  • deltek i planlegging og oppfølging av elevar i lag med lærar som har ansvar for undervisninga
  • samarbeider med føresette og har kunnskap om medbestemming for born og ungdom
  • hjelper elevar med ulike former for tilretteleggingsbehov i skulekvardagen
  • hjelper ev. til i samband med reise til og frå skule, og under ev. arbeidsutplassering i verksemd

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev og erfaring frå arbeid retta mot ungdom med ulike utfordringar.
  • Relevant fagbrev innan skulen sine utdanningstilbod, eller anna helsefagleg bakgrunn.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi ønsker at du:

  • har særskild interesse for, og kommuniserer godt med, elevar med særskilte behov og læringsutfordringarer
  • samarbeider godt i team med føresette og kollegaer
  • er trygg, tydeleg og inkluderande
  • er initiativrik
  • deltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane
  • meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • eit miljø som er oppteken av utvikling for ungdom
  • eit engasjert kollegafellesskap med godt samarbeid opp mot lokalt næringsliv
  • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • 100% stilling men 89% lønn siden stillinga følger skuleruta.
  • Kontaktinformasjon
  • Jan Kåre Greve, rektor, +47 91680978
  • Arbeidsstad
  •  
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
  • Referansenr.: 5193872301
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 28.10.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen