Miljøarbeidar. Vikariat

Vestland Søknadsfrist 26. november 2026 Skole og undervisning
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.

Vi søkjer etter miljøarbeidar i 53,4% vikariat ut skuleåret, med moglegheit for auka stillingstørrelse. Snarleg oppstart. Vi søkjer òg etter miljøarbeidarar som ønskjer å være tilkallingsvikarar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i tilrettelagte grupper
  • Praktisk og teoretisk oppfølging tilpassa elevane
  • Tett oppfølging av einskilde elevar i samarbeid med føresette, lærar og andre støttefunksjonar
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega og skuleleiing
  • Halde seg informert om utviklinga i fagfeltet og legge til rette for overgang til tilrettelagt arbeid
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt, og for at dei skal meistre livet som vaksne.

Kvalifikasjonar

  • Barne og ungdomsarbeidar eller tilsvarande
  • Søkjarar med realkompetanse på fagfeltet blir også vurdert
  • Ønskjeleg med erfaring innan arbeid i tilrettelagt opplæring
  • Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg
  • Personleg eigna til arbeid med elevar med omfattande behov for hjelp

Personlege eigenskapar

  • Gode evner i møte med elevar med særskilte behov og har eit særleg ønske om å arbeide med denne elevgruppa
  • Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom med særskilte behov vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
  • Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgrupper for tilsette.

Andre opplysningar

Den som tilsetjast må legge fram politiattest.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen