Om stillingen
Vil du ha ein helgejobb som betyr noko, og der du kan gjera ein forskjell? Svingen og Reine bufellesskap er moderne bufellesskap, med til saman 15 leiligheiter. Her møter du bebuarar i ulike aldrar med ulike funksjonsnedsetjingar. Felles for dei alle er at dei treng trygge, engasjerte og gode folk rundt seg. Som helgearbeidar bidreg du til gode og meiningsfulle dagar – gjennom praktisk hjelp, miljøarbeid, omsorg og aktivitetar som skapar trivsel og meistring.
Du jobbar aldri åleine, men er del av eit fagleg og inkluderande team som samarbeider tett både internt og med fagmiljø i kommunen og spesialisthelsetenesta. No søkjer me deg som vil jobbe annan kvar eller kvar tredje helg. Me søkjer òg deg som ynskjer å vere tilkallingsvikar hos oss. Søknader blir vurderte fortløpande.
Arbeidsoppgåver Praktisk bistand i daglege gjeremål: personleg hygiene, påkledning, måltid, aktivitetar og enkle praktiske oppgåver Målretta miljøarbeid etter tiltaksplanar og dagsplanar Legge til rette for meiningsfulle aktivitetar (turar, handling, hobbyar, sosial deltaking) Bruke digitale verktøy og velferdsteknologi Skape tryggleik, struktur og gode relasjonar Observere allmenntilstand og melde vidare ved endringar Dokumentere i journalsystem Gi medisinar etter delegert kompetanse Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre faginstansar Tilleggsansvar vert gjeve til høgskuleutdanna (til dømes veiledning av kollegaer, bidra inn i det faglege arbeidet med tiltaksplanar, bidra i utredningsarbeid) Kvalifikasjonar Vernepleiar, sjukepleiar eller anna relevant bachelorutdanning Helsefargarbeidar eller bar…
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.