Miljøveileder med vernepleiekompetanse 

Sykkylven Søknadsfrist 17. november 2026 Heltid · Fast Skole og undervisning
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Sykkylven vidaregåande skule søkjer miljøveileder med vernepleiekompetanse i 100 % fast stilling frå 1. januar 2027.

Miljøveilederen skal vere ein del av elevtenesta og bidra til å sikre eit trygt, inkluderande og tilpassa opplæringstilbod for elevar med samansette behov. Stillinga skal styrkje skulen sin kompetanse innan miljøarbeid, åtferdsstøtte og habiliteringsfagleg arbeid, med særleg ansvar for oppfølging av elevar som har behov for tett og systematisk tilrettelegging.

Miljøveilederen skal arbeide både direkte med elevar og indirekte gjennom rettleiing av tilsette, samarbeid med føresette og koordinering med eksterne faginstansar. Stillinga skal vere sentral i utvikling og gjennomføring av tiltak etter prinsippa for Positiv åtferdsstøtte (PAS), og bidra til å styrkje det tverrfaglege arbeidet rundt elevane.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging/opplæring av elevar med samansette behov og utfordrande åtferd.
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak etter PAS-prinsippa.
  • Rettleiing og støtte til lærarar, fagarbeidarar og andre tilsette.
  • Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
  • Samarbeid med føresette og eksterne samarbeidspartnarar
  • Delta i tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid ved skulen.
  • Medverke til førebygging og handtering av utfordrande situasjonar.
  • Bidra til opplæring og kompetanseheving av personalet.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar er ønskjeleg
  • Kompetanse innan eller erfaring frå arbeid med personar med utfordrande åtferd.
  • Erfaring med PAS, miljøterapeutisk arbeid eller habilitering er ønskjeleg.
  • God relasjonskompetanse og evne til å arbeide systematisk og tverrfagleg.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å rettleie andre.
  • Spesialpedagogisk kompetanse innan autismespekter og ADHD er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein medarbeidar som er trygg, robust og løysingsorientert. Du må kunne byggje gode relasjonar, arbeide sjølvstendig og samstundes vere ein aktiv bidragsytar i teamarbeid. Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Dette gir ei brei stillingsutlysing som både dekkjer behovet knytt til PAS og elevoppfølging, samstundes som stillinga kan nyttast fleksibelt ved framtidige behov ved skulen.

Vi tilbyr

Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit framtidsretta fagområde Tett samarbeid med PPT, kommune og spesialisthelsetenesten Moglegheit for fagleg og pedagogisk utvikling

Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK) Løn etter gjeldande avtaleverk Ver merksam på at det må leggast fram gyldig politiattest før tilsetting (jf. opplæringsforskriften § 12-15)

Kontaktinformasjon

Stig Gunnar Støylen, Ass rektor, 92217556

Barbro O. Midtgård, Rektor, +47 92619045

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 6

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5204507314

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.01.2027

Søknadsfrist: 17.11.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen