Økonomirådgjevar

Sveio Søknadsfrist 30. november 2026 Heltid · Fast Økonomistyring
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Sveio kommune søkjer ein økonomirådgjevar som ser samanhengar og omset tal til innsikt. Du får ei sjølvstendig og sentral rolle i budsjett-, analyse- og rapporteringsarbeidet, med hovudvekt på oppvekstområdet og oppgåver også innan helse. I tett samarbeid med kommunalsjefen for oppvekst og for helse skal du bidra til heilskapleg økonomisk oversikt og gode avgjerdsgrunnlag for leiinga.

Oppvekstområdet i Sveio omfattar to kommunale- og tre private barnehagar, fem skular, Barn og familie eining og eit kultursenter. Dette er tenester som betyr mykje for barn, unge og familiar i kommunen.

Gjennom faglege vurderingar og råd skal du støtta leiinga i økonomisk oppfølging og prioriteringar. Her får du kombinera sjølvstendig fagleg arbeid med tett samarbeid – og bruka økonomikompetansen din til å skapa gode rammer for viktige tenester til innbyggjarane.

Arbeidsoppgåver

  • Ha medansvar for budsjett, rekneskap, rapportering og prosjektoppfølging.
  • Bidra med analysar og delta i prosjekt og politisk sakshandsaming innan kommunal forvaltning.
  • Arbeida med ressurs- og rammetildeling til den enkelte barnehage og skule.
  • Ha medansvar for rapportering i GSI og BASIL.
  • Berekna tilskot til private barnehagar.
  • Gi økonomifagleg støtte og rettleiing til einingsleiarane.

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3 årig høgskuleutdanning innan økonomi.
  • Anna relevant utdanning kombinert med praksis kan vera aktuelt.
  • Relevant arbeidserfaring innan dei aktuelle arbeidsområda er ein fordel.
  • Kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lov- og avtaleverk innan områda oppvekst og helse er ein fordel.
  • Gode digitale ferdigheiter, kompetanse i avansert bruk av Excel og kjennskap til økonomi- og HR-system.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Nynorsk er skriftspråket i Sveio kommune.

Personlege eigenskapar

  • Du samarbeider godt med andre og arbeider sjølvstendig.
  • Du arbeider strukturert, nøyaktig og målretta.
  • Du har gode analytiske evner og omset økonomisk informasjon til forståelege vurderingar og råd.
  • Du tek initiativ og finn løysingar i samarbeid med andre.
  • Du prioriterer oppgåver og held oversikt, også i periodar med høgt arbeidstempo.

Vi tilbyr

  • Utfordrande og lærerike arbeidsoppgåver i eit engasjert arbeidsfellesskap med høg fagleg kompetanse.
  • Høve til å påverka og vidareutvikla det økonomifaglege arbeidet innan oppvekst og helse.
  • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen