Open søknad – habiliteringstenester

Alver Søknadsfrist 31. desember 2026 Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Open søknad – habiliteringstenester Ønskjer du å vera ringjevikar hos oss?

Ønskjer du å vere ringjevikar i Alver kommune? Dersom du ønskjer å vera ringjevikar ved habiliteringstenesta i Alver kommune har vi lyst å høyra frå deg! Som ringjevikar kan vi tilby vakter/arbeid ved fråvær grunna sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for mellombels arbeidskraft. Vi er spesielt interessert i søkjarar med helsefagleg bakgrunn eller studentar innan helsefag, men andre kan også søkje. For nokre stillingar må du ha førarkort. Tilkallingsvikarar har ikkje rett på å bli tilbudd arbeid eller plikt til å ta på seg tilbudd arbeid. Du må i tillegg følgje med på nettet og søkje konkrete stillingar som er lyst ut dersom du er interessert i spesielle stillingar med fast arbeidstid og tenestestad. Dersom du ikkje høyrer noko etter å ha levert søknad sit vi pris på om du tek kontakt med den aktuelle avdeling du kan tenkja deg å arbeida ved – det er alltid kjekt med ein hyggeleg telefonsamtale!

Kven er du? Du trivast med å arbeide med mennesker og har engasjement for fagfeltet. Du er trygg i deg sjølv og i møte med andre. Du jobbar godt i team. Det vert lagt avgjerande vekt på personlege eignaheit oppimot målgruppa. Vi har behov for vikarar som kan arbeide: Medlevarturnus Langvaktturnus Nattevakter Kortvakter/dag-kveld

Aktuelle avdelingar Arbeids- og aktivitetssenter (Knarvik og Radøy arbeidssenter) – einingsleiar Britt Silvia Erstad Marøy Avlastningstenester – born og unge (Avlastningsbustader, aktivitetsbasert avlastning, Skrenten bustad) – einingsleiar Kristine Rath Knarvik bustader sone 1 (Kvernhusmyrane bufellesskap, Bjørkhaugen bufellesskap, Hakset bustad og Stallanemarka burettslag) – eininsleiar Bjørg K. Lunde Knarvik bustader sone 2 (Kvassnesvegen bufellesskap, Røsvikdalen bufellesskap, Storhaugen bufellesskap og Klubben bustad) – einingsleiar Oddrun Takvam Bustølen bufellesskap (Frekhaug; Grønland bufellesskap og Hjelten bustad) – einingsleiar Eva-Kristin Fanebust Ambulerande tenester (Frekhaug; Miljøarbeidstenester, Tunet og Håtuft bustad) – einingsleiar Marianne Bratshaug Prestbrekka bufellesskap (Manger) – einingsleiar Lene Christensen Hannesvegen bustader (Manger) – einingsleiar Reidun Vallestad

Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi tilbyr Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Ein aktiv kvardag med mange spanande og varierte utfordringar Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk Pensjonsordning

Velkomen til habiliteringstenesta i Alver kommune

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen