Om stillingen
Om stillinga
Eining for eigedom ønskjer fleire tilkallingsvikarar til arbeid innan reinhald i heile Stad kommune. Dersom du ønskjer å arbeide som tilkallingsvikar i reinhald i kommunen er du velkomen til å søkje.
Skriv gjerne i søknaden kvar du helst vil jobbe, eller at alle tenestestader er av interesse. Vi kontaktar deg dersom du er aktuell.
Merk at du likevel må søkje på direkte utlyste faste stillingar og langvarige vikariat. Denne utlysninga gjeld berre tilkalling og korte vikariat.
Arbeidsoppgåver
- Vikararbeid innan reinhald i heile Stad kommune
Kvalifikasjonar
- Alle som ønskjer det er velkomne til å registrere open søknad for vikararbeid i reinhald
- Dersom du er aktuell, blir du kontakta
Personlege eigenskapar
- Du er interessert i fagområdet
- Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen
Vi tilbyr
- Ekstravakter, tilkallingsavtaler og kortvarige vikariat
- Løn etter tariff. Du skriv timeliste
Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at følger med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad!
Det er fint om du sjølv trekkjer søknaden din i Webcruiter når du ikkje lenger er aktuell for vikararbeid.
Kontakt oss gjerne om du lurer på noko!
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.
