Overlege Radiologi

Ålesund Søknadsfrist 29. november 2026 Heltid · Fast Lege og medisin
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Er du klar for å bli ein del av laget ved radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus ?

Som overlege hos oss vil du ha ei nøkkelrolle i mange pasientforløp knytt til både diagnostikk og behandling, der du i tillegg deltek i vaktordning og bidreg i den akutte radiologiske beredskapen. Radiologi er eit fagområde i rask utvikling, og vi står midt i ei tid der ny teknologi gir oss heilt nye moglegheiter – noko du som overlege vil vere med på å forme og ta i bruk.

Ålesund sjukehus er det mest spesialiserte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim. Hos oss får du brei erfaring med avansert diagnostikk og intervensjonar innan CT, MR, ultralyd og konvensjonell røntgen. Ved brystdiagnostisk senter har vi tett samarbeid mellom radiologi og kirurgi, og vi utfører både generelle og avanserte inngrep i vår moderne angio-/intervensjonslab.

Avdelinga har 8 LIS-stillingar og 13,5 overlegestillinger. Overlegane utgjer ei inkluderande og fagleg sterk gruppe med høgt kompetansenivå. Fleire av legane har doktorgrad, og det ligg godt til rette for forskingsaktivitet for tilsette som ønskjer dette. Vi ønskjer no å styrkje laget med fleire engasjerte overlegar som også vil inngå i bakvaktordninga, og som kan bidra aktivt til både fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.

Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat eller eit besøk.

Vi har ledig 1 fast 100 % stilling som overlege med bakvakter i rullerande turnus. Oppstart etter avtale. Intervju skjer fortløpande. Det er ønskjeleg med snarleg tilsetjing, men dersom du ikkje har høve før våren/hausten 2027, oppmodar vi likevel til å sende ein søknad.

Ved intern omrokering kan andre stillinger bli ledige.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre og tolke radiologiske undersøkingar
  • Delta i i bakvaktordning, der LIS-legene ivaretar primærvaktsfunksjonen hele døgnet (24/7)
  • Bidra i akuttberedskap og handtering av akutte funn
  • Delta i tverrfagleg samarbeid med kliniske avdelingar for optimal diagnostikk og pasientforløp
  • Utføre og delta i intervensjonsradiologiske prosedyrar
  • Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i avdelinga
  • Rettleiing og supervisjon av LIS-legar
  • Delta i internundervisning og faglege møter
  • Bidra til forsking og utviklingsarbeid ved interesse
  • Roterer mellom ulike fagområde basert på kompetanse og behov

Kvalifikasjonar

  • Spesialistgodkjenning i radiologi
  • Gode faglege kunnskapar innan generell radiologi og gjerne erfaring frå spesialområde som CT, MR, ultralyd eller intervensjon
  • Gode ferdigheiter i norsk
  • Interesse for eller erfaring innen følgende fagområder vil bli vektlagt brystdiagnostikk (BDS), MR hjerte og Gyn/Uro

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og i team
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bidra i eit tverrfagleg miljø
  • Interesse for fagleg utvikling, kvalitetsforbetring og eventuelt forsking
  • Fagleg engasjert med eit sterkt ønske om kontinuerleg utvikling
  • Fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
  • Bidreg aktivt til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Interesse for rettleiing og fagleg utvikling av kollegaer og LIS
  • Personlege eigenskapar vert vektlag

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Sveinung Aaker, Seksjonsleder (lege), [email protected]

Gulay Kar, Avdelingssjef, (+47) 974 79072, [email protected]

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5200097986

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.12.2026

Søknadsfrist: 29.11.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen