Pedagogisk leiar 100% fast  

Vinje Søknadsfrist 24. desember 2026 Heltid Barnehage
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Vil du vere den vaksne som gjer ein forskjell – kvar einaste dag? Kanskje er det nettopp du som skal vere den vaksne eit barn hugsar resten av livet. I Rauland barnehage er dagane fylt med frisk fjelluft, små hender i store vottar og nysgjerrige blikk som ventar på å bli møtt. Hjå oss er naturen meir enn ein bakgrunn – ho er ein læringsarena, ein møteplass og ei kjelde til undring. No ser me etter deg som vil vere med å sjå kvart enkelt barn, byggje sterke relasjonar og skape gode dagar, både ute og inne.

Me veit at barn lærer best når dei:

  • blir sett, lytta til og forstått
  • kjenner seg trygge, verdsette og inkludert
  • møter vaksne som er til stades og bry seg – på ekte

Difor jobbar me kvar dag for å møte barna med varme, respekt og nysgjerrigheit, og for å gi kvart barn rom til å vere seg sjølv

I kvardagen hjå oss får du vera med på:

  • turar i skog og fjell, der barna utforskar naturen med heile seg, og leik som får utvikle seg i sitt eige tempo
  • små, store augeblink som fremjar tryggleik, meistring og sjølvkjensle
  • eit fagmiljø der me delar erfaringar og heiar kvarandre fram

Arbeidsoppgåver

  • Leie det pedagogiske arbeidet på avdelinga
  • Medansvar for det pedagogiske arbeidet i heile barnehagen
  • Medansvarleg for den daglege drifta i barnehagen
  • Ansvar for å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna
  • Bidra til lærande fellesskap i barnehagen
  • Bidra til at barnehagen har eit godt omdømme
  • Fagleiing av dei tilsette på avdelinga
  • Vere ein aktiv del av eit leiarteam som vil skape noko saman

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
  • Dersom me ikkje får kvalifiserte søkjerar, kan søkjerar med anna relevant utdanning og/eller erfaring bli vurdert for tilsetjing på dispenasjon
  • Du må ha god skrifteleg og munnleg framstillingsevne på norsk for å kunne kommunisere godt med barn, føresette og personalet

Personlege eigenskapar

Du er ein person som:

  • er ein trygg og tydeleg leiar
  • brenn for barns utvikling og leik
  • har evne til å skape gode relasjonar
  • er raus, engasjert og initiativrik
  • finn løysingar til det beste for barna i ein travel kvardag
  • kommuniserer godt med barna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnerar
  • likar å vere i aktivitet, både ute og inne
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å påverke og setje retning
  • Ein arbeidskvardag der ingen dagar er like – og alle betyr noko
  • Eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass der du kan påverke og utgjere ein forskjell
  • Ein barnehage tett på naturen – fjell, skog og årstidene som læringsarena
  • Løn etter lokal lønstabell – barnehagelærar- årsløn frå 553100-682.000,- (avhengig av ansiennitet) + ped.leiartillegg på 30.000,-
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen