Pedagogisk leiar i Stordal barnehage

Fjord Søknadsfrist 3. desember 2026 Heltid · Fast Barnehage
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Fjord kommune har ledig eit 100 prosent fast stilling som pedagogisk leiar i Stordal barnehage frå 1. januar 2027.

Stordal barnehage ligg sentralt til i bygda Stordal med tilgang til eige uteområde og natur i nærområdet. Barnehagen har pr. i dag 9 tilsette (assistent, barne- og ungdomsarbeidarar, ped.leiarar og styrar) + lærling fordelt på 28 barn. Alle barn i Stordal barnehage skal oppleve tryggleik og inkludering i barnehagen. Barna skal verte lytta til og takast på alvor. Barnehagen har 3 avdelingar – Rådyrskogen for barn i alderen 3 – 6 år, Eplehagen for barn i alderen 0 – 2 år, og Blåklokka for barn i alderen 2-3 år. Stordal barnehage er heilt ny og vart opna hausten 2019.

Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode høve til utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeid med heimen til barna. Barnehagen skal hjelpe til med å gi barna ei god oppseding i samsvar med kristne grunnverdiar.Barna skal føle seg sett, høyrt og likeverdige.

  • Barna skal oppleve barnehagen trygg og inkluderende.
  • Barna skal oppleve vennskap og samhald.
  • Barna skal lære seg å ha respekt for kvarandre, og verdsette dei likheiter og ulikheiter som finst i barnehagen

Søkjarar vert kalla inn til intervju

NB: Ved intern tilsetting er vi interessert i søkjarar som barne- og ungdomsarbeidar/assistent.

Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk leiar ha ansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet, i tråd med godt fagleg skjønn.
  • Veileding og sørgje for at barnehageloven og rammeplan oppfyllast
  • Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
  • Skape ein barnehagekvardag med rom for fordjuping i temaarbeid
  • Medansvar i arbeidet med HMS
  • Ta imot og gi pedagogisk veileding
  • Tilretteleggje for samarbeid med føresatte og gjennomføring av samtale og møter.
  • Ansvar for IUP-arbeid til barn på avdelinga som har vedtak

Kvalifikasjonar

  • Barnehagelærar eller anna 3-årig pedagogisk høgskoleutdanning med årsstudium i barnehagepedagogikk.
  • God datakunnskap og har erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy
  • Må kunne norsk godt munnleg – kommunen har nynorsk som målform.
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig, løysingsorientert og flink til å samarbeide
  • Du har erfaring frå fagområdet, arbeide målretta og engasjere andre.
  • Du er kreativ og visar initiativ til forbetring/utvikling for deg, kollega og barnehagen totalt.
  • Du har positiv innstilling og godt humør
  • Du har god digital kompetanse
  • Du er ein god rollemodell og flink til å rettleie

Vi tilbyr

  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • Barnehagelærar får lønn lik 10 års ansiennitet eller meir
  • Pedagogisk tilllegg er per dd. 25 000 NOK.
  • Lønn i samsvar med avtaleverk
  • Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot og ca.15% arbeidsgjevarinnskot

Kontaktinformasjon

Diana Helland, Styrar Stordal Bhg., +47 95878594

Arbeidsstad

Vinjehjellane 9

6250 Stordal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord kommune

Referansenr.: 5209000312

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.12.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen