Psykiatrisk sjukepleiar/-vernepleiar

Ålesund Søknadsfrist 15. desember 2026 Heltid · Fast Sykepleie
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vi har ledig ei 100% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og/eller rusbehandling.

Stillinga inngår i eit arbeidsfellesskap saman med blant andre spesialsjukepleiarar, psykiatere, psykologspesialister. FACT DPS Ålesund er ein del av DPS Sunnmøre. Vi gir tilbod om utgreiing og behandling i pasienten sitt heimemiljø. Vi har ei tverrfagleg tilnærming i behandlinga og legg vekt på tett samarbeid med pasient, pårørande og kommunale tenester.

Vi har kontor på Digerneset Næringsområde i Ålesund kommune, og tilbyr ambulante spesialisthelsetenester på Nordre Sunnmøre. Som ein del av distriktspsykiatrien reiser vi rundt frå Geiranger i sørøst til Ona i nord og Alnes i vest. Dei to teama dekker kvar sitt geografiske område som til saman omfatta vel 100.000 innbyggar fordelt på sju kommunar. Seksjonen har også eit Akutt heimebehandlingsteam og ein TUD-poliklinikk som har base på Ålesund sjukehus.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling innan psykisk helse og rus
  • Tverrfagleg samarbeid, internt og eksternt
  • Fagleg utviklingsarbeid og rettleiing

Kvalifikasjonar

  • Norsk autoriasjon som sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus
  • Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus eller ambulante tenester er ønskjeleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til kommunikasjon og etablering av terapeutiske relasjonar
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team og er innstilt på å samarbeide på tvers av faggrupper, til pasientens sitt beste
  • Du har ei positiv, deltakande og fleksibel haldning

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Åse Helene Gjærde, Seksjonsleiar, +47 70 10 65 33

Arbeidsstad

Digernes Næringsområde 9

6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5212387932

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.12.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen