Rådgjevar informasjonssikkerheit

Haram Søknadsfrist 31. oktober 2026 Fast Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til ei spennande stilling i hjartet av digitaliseringsarbeidet i kommunen, som rådgjevar i informasjonssikkerheit i fast 60% stilling. Stillinga er organisert under kommunedirektøren sin stab i fagområdet organisasjonsutvikling og digitalisering. Fagområdet er leia av fagleiar.

Samfunnet og kommunen si rolle er i stadig utvikling, der vi i framtida mellom anna må nytte kunstig intelligens (KI) innan stadig nye fagområde. Som utviklar og forvaltar av store verdiar, må informasjonssikkerheit og personvern vere i fokus. I stillinga vil ein mellom anna ha eit særleg ansvar for oppgåver og system relatert til dette, samt opplæring av tilsette og leiarar i system og lovverk.

Ein har eit nært samarbeid med e-kommune Sunnmøre som driftar kommunen sine IT-system. Ein må også bidra aktivt inn i utviklingsprosjekt der fagtenestene i kommunen tek i bruk eller endrar sine digitale system, samt tilretteleggje og gje faglege råd i avgjerdsprosessar. Digitalisering og utviklingsarbeid skal i Haram kommune skape meirverdi og gje gevinst.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

Arbeid relatert til IT-sikkerheit og personvern, til dømes:

  • Prosedyrar og rutinar for informasjonssikkerheit og personvern.
  • ROS, DPIA (Data Protection Impact Assessment) og FRIA (Fundamental Rights Impact Assessment)
  • Beredskap informasjonssikkerheit og personvern.
  • Gjennomgang av nye databehandlaravtalar og oppfølging og kontroll av eksisterande avtalar.
  • Behandlingsprotokollar i forhold til GDPR artikkel 6.
  • Oppfølging av informasjonssikkerheitskampanjar og andre bevisstgjerings- og opplæringstiltak.

Andre oppgåver innan kommunedirektøren sin stab kan kome til.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning innan informasjons- og datateknologi (IT), på masternivå. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Erfaring med eitt eller fleire av desse temaa er ein fordel:

  • Kunstig intelligens (KI).
  • Informasjonssikkerheit og personvern.
  • Digitale innovasjonsprosessar og systemarbeid.

Personlege eigenskapar

  • Du er modig, grundig og har evne til å meistre høgt arbeidspress og komplekse arbeidsoppgåver.
  • Du har god system- og rolleforståing, og har gode problemløysarevne.
  • Du er god til å planleggje og er resultatorientert.
  • Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit.

Vi tilbyr

  • Utfordrande oppgåver i ein organisasjon i utvikling, med stort potensial og kompetente kollegaer.
  • Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg.
  • Løn etter avtale. Pensjonsordning gjennom KLP og gode forsikringsordningar.
  • IA- bedrift og fleksibel arbeidstidsordning.
  • Kontaktinformasjon
  • Petter Sortevik, Stabssjef, 95479474, [email protected]
  • Arbeidsstad
  • Standgata 40
  • 6270 Brattvåg
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Haram kommune
  • Referansenr.: 5197486656
  • Stillingsprosent: 60%
  • Fast
  • Startdato: 01.01.2027
  • Søknadsfrist: 01.11.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen