Om stillingen
Vil du bidra til at innbyggjarar får god hjelp i spørsmål om bustad? Vi har ledig eit 50 prosent vikariat som sakshandsamar ved Bustadkontoret i Måløy. Vikariatet varer i seks månader, med moglegheit for forlenging. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med mykje kontakt med menneske. Ein viktig del av jobben er å rettleie og følgje opp søkjarar, leigetakarar, pårørande og andre innbyggjarar som har behov for kontakt med tenesta. Du vil samarbeide tett med andre tenester for å finne gode løysingar for den enkelte. Vi ser etter deg som møter menneske med respekt, skaper tillit og gir tydeleg og forståeleg informasjon.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling og tildeling av kommunale bustader i tråd med gjeldande lovverk, kommunale retningslinjer og fagleg god praksis
- Oppfølging og rettleiing av personar som har behov for bistand.
- Dokumentasjon og saksbehandling i relevant fagsystem.
- Sakshandsaming og oppfølging av førespurnader frå søkjarar, leigetakarar, pårørande og andre innbyggjarar.
- Samarbeid med andre kommunale tenester og eksterne samarbeidspartnarar for å sikre god og heilskapleg oppfølging av innbyggjarane.
- Oppdatering og vedlikehald av fagsystem, leigekontraktar og husleigeregulering.
- Halde deg oppdatert innan fagfeltet og gjeldande regelverk
Kvalifikasjonar
- Krav om treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag, fortrinnsvis sosionom eller barnevernspedagog.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå sakshandsaming og forvaltningsrettslege forhold.
- Erfaring med rettleiing og oppfølging av menneske.
- Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg inn i nye system.
- Krav om norskkunnskapar på minimum nivå B2, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- God evne til fagleg refleksjon og dokumentasjon.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og trivsel i avdelinga.
- Gode samarbeidsevner og evner til å møte menneske i ulike livssituasjoner på en profesjonell og respektfull måte.
- Evne til å handtere sensitive situasjonar med empati og integritet.
- Strukturert, løysingsorientert og omstillingsdyktig.
- Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team.
Vi tilbyr
- Grundig opplæring i relevant system og arbeidsoppgåver.
- Spennande og varierte utfordringar i ei viktig samfunnsrolle.
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
- Løn etter kommunal tariff og gode pensjonsordninger.
- Ryddige arbeidsforhold i ei utviklingsorientert avdeling.
Kontaktinformasjon
Gjermund Veka, Tenesteleiar Bustad, +47 90601142
Arbeidsstad
Gate 1 225
6700 Måløy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5209930660
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 06.12.2026
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.