Sakshandsamar ved  forvaltningskontoret, vikariat 100% 

Volda Søknadsfrist 6. desember 2026 Heltid · Vikariat Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Forvaltningskontoret har ledig eit vikariat i 100 % stilling i eit år med moglegheit for forlenging.

Forvaltningskontoret har ei sentral rolle i sakshandsaming og vedtaksfatting etter helse- og omsorgstenestelova. Vi tildeler tenester med utgangspunkt i ei heilskapleg tilnærming, der førebygging og den enkelte brukaren sine eigne ressursar står sentralt.

Vi ønskjer å bidra til at innbyggjarane i kommunen kan meistre kvardagen sin, vere mest mogleg sjølvhjelpne og bu heime så lenge som mogleg. Ressurskartlegging, brukarmedverknad og kvardagsrehabilitering er sentrale arbeidsområde ved kontoret.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming etter gjeldande lov- og rammeverk, for eksempel søknadar om korttids- og langtidsopphald, helsetenester i heim, praktisk bistand, omsorgsløn, avlastning m.m.
  • Handsaming av e-link frå sjukehus, fastlegar og andre spesialisthelsetenester
  • Samhandling med andre instansar, både internt og eksternt.
  • Samarbeide tett med pasient/brukar, pårørande og tenesteytarar
  • Handtering av meldingsflyt mellom kommune og helseføretak.
  • Delta på samarbeidsmøter, gjennomføre vurderingsbesøk,
  • Bidra til utvikling av tenestetilbodet.

Kvalifikasjonar

  • Relevant 3-årig bachelorutdanning er ønskjeleg, men helsefagleg utdanning kombinert med lang erfaring frå helse- og omsorgstenestene kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå kommunale tenestetilbod, offentleg forvaltning og sakshandsaming.
  • God kjennskap til helse- og omsorgssektoren, samt helseføretaka sine oppgåver og ansvarsområde.
  • Svært gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner.
  • Gode digitale ferdigheiter og det er ein fordel med god kjennskap til Gerica.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Du evnar å prioritere arbeidsoppgåver i ein hektisk kvardag og har stor arbeidskapasitet.
  • Du er god på samarbeid og har blikk for heilskaplege og tverrfaglege løysingar.
  • Du evnar å arbeide sjølvstendig og strukturert, men og vere fleksibel og kreativ.

Vi tilbyr

  • Godt fag- og arbeidsmiljø
  • Fleksitid
  • Løn etter gjaldande tariff.

Kontaktinformasjon

Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar, +47 91 55 59 70

Arbeidsstad

Barstadmarka 2

6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5211837199

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.01.2027

Sluttdato: 31.12.2027

Søknadsfrist: 06.12.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen