Sekretær/Helsesekretær

Molde Søknadsfrist 19. november 2026 Heltid · Fast Helsefag
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Har du eit ønskje og ein ambisjon om å bli helsesekretær/sekretær for eit sterkt fagmiljø og flotte tilsette i Helse Møre og Romsdal? Vi søkjer no etter ein helsesekretær/sekretær i 100 % fast stilling ved avdeling for radiologi SNR Hjelset.

Radiologi SNR er ei avdeling med høg aktivitet innan undersøkingar som MR, CT, ultralyd, intervensjon, mammografi, DEXA og røntgen. Vi gjennomfører om lag 100 000 undersøkingar årleg, og avdelinga har om lag 100 tilsette fordelt på minst 2 lokasjonar. Vi søkjer deg som trivst med ulike merkantile oppgåver, både i samarbeid med kollegaer og i møte med pasientar. Du må vere lærevilleg og handtere arbeidsdagar med høgt tempo. Vi ynskjer oss nokon som kan medvirke positivt i avdelinga, både fagleg og sosialt. Høyrest dette lovande ut? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg! Oppstart etter nærmere avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Betjening av telefon
  • Registrering av pasientar ved ankomst
  • Administrering av ventelister
  • Oppsett av timeavtalar
  • Andre førefallande kontorarbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær
  • Relevant praksis
  • God IT- kompetanse
  • Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
  • Serviceorientert
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
  • Engasjert og initiativrik til å stå på i eit spennande og hektisk miljø
  • Evne til omstilling og interesse for kompetanseheving
  • Gode samarbeidsevner
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Karin Krogsæter Sørli, Seksjonsleder, 711 16079, [email protected]

Arbeidsstad

Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5205362112

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 19.11.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen