SFO-leiar

Klepp Søknadsfrist 2. november 2026 Fast Skole og undervisning
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil du vere med på å vidareutvikle ein god og veldreven SFO og sikre god samanheng mellom SFO og skule?

Vi har ledig 100% fast SFO-leiarstilling ved Kleppe skule.

Kleppe skule er ein barneskule sentralt i Klepp kommune med rundt 450 elevar der 162 barn nyttar SFO.

Vi har eit stort, godt uteområde og gode lokaler med blant anna aula og kantine. SFO nyttar nærområdet vårt i stor grad, vi har skog, leikeplassar, Plogenparken, symjehall og andre idrettsanlegg i gåavstand frå skulen.

Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø.

Vi er på jakt etter deg som ønsker å få jobbe med leiing i eit spennande og utviklande miljø og er oppteken av å skape eit godt fritidstilbod for alle barn.

Kanskje du er den rette for oss?

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift
  • Sørge for god struktur og gode planar for aktivitetar og bemanning
  • Drive utviklingsarbeid knytta opp mot Nasjonal rammeplan for SFO
  • Personalansvar for tilsette i SFO
  • Delta aktivt i arbeid med barn i SFO si åpningstid
  • Samarbeide med personalet i skuledelen og med aktuelle kommunale instansar
  • Bidra i overgangsarbeid frå barnehage til skule og SFO
  • Elevoppfølging og kontakt med heimane
  • Vere ein del av skulen si leiargruppe
  • Delta i vårt kommunale SFO-leiarnettverk
  • Bestilling og innkjøp

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk 3-årig høgskuleutdanning
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskeleg
  • Gode norskkunnskaper
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • I tråd med opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning før tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Eit inkluderande elevsyn
  • Positiv, fleksibel og stå-på-vilje
  • Initiativrik og nytenkjande
  • Godt humør

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø i lag med dyktige kollegaer
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP
  • Klepp kommune har gode velferdsordningar og pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing skjer forøvrig på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.
  • Kontaktinformasjon
  • Sylvia Gjersdal, Rektor, +47 92839767
  • Arbeidsstad
  • Viervegen 10
  • 4351 Sandholen
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Klepp kommune
  • Referansenr.: 5197202674
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 03.11.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen