Sjukepleiar 100% – Heimetenesta Sør

Kvinnherad Søknadsfrist 24. oktober 2026 Fast Helse og omsorg
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Sjukepleiar – 100 % fast stilling

Heimetenesta Sør

Har du ei lidenskap for å hjelpe andre – og trivst best når du får gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som treng deg? Likar du å vere på farten, kjenne friheita på vegen og jobbe sjølvstendig i vakre omgivelser? Då trur me du vil trivast hos oss!

Vi har både sjukepleiarteam og muligheter for langvakter

Hos oss i Heimetenesta Husnes/Halsnøy får du ein arbeidskvardag fullt av gode møter, faglege utfordringar – og mykje meistring. Me søkjer deg som er engasjert, trygg og som vil vere med å skape tryggleik i heimane til pasientane våre.

Her får du bruke både fagkunnskapen, medmennesket og bilføraren i deg.

Kven er vi?

Kvinnherad kommune er kjend for varme og gode tenester – og eit fagmiljø som vil meir. Heimetenesta på Halsnøy og Husnes jobbar tett saman, og me er stolte av å ha eit inkluderande fellesskap der alle hjelper kvarandre å lukkast.

Me held til midt i nydelig vestlandsnatur med fjell, fjordar og flotte turstiar rett utanfor døra. Perfekt for deg som set pris på frisk luft og ro mellom vaktene.

Om stillinga

  • 100 % fast stilling
  • Todelt turnus (dag/kveld)
  • Moglegheit for langvakter i årsturnus
  • Arbeidsstad: Heimetenesta Husnes/Halsnøy

Vi ser etter deg som

  • Har autorisasjon som sjukepleiar
  • Har eit ekte engasjement for eldre og sårbare menneske
  • Trivst med å vere ute og køyre – hos oss er bil ein naturleg del av arbeidskvardagen
  • Er både trygg og sjølvstendig, men trivst like godt i samarbeid med andre
  • Held hovudet kaldt og hjartet varmt når kvardagen endrar seg
  • Ser utvikling som ei moglegheit – og er nysgjerrig på bruk av ny teknologi
  • Bidrar til eit positivt, inkluderande arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i nyoppretta sjukepleiarteam
  • Eit godt kollegafellesskap med støttande og erfarne medarbeidarar
  • Fokus på fagleg utvikling, inkludert velferdsteknologi
  • Muligheter for langvakter
  • Opplæring, støtte og grundig innføring i arbeidsoppgåver
  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår gjennom KLP
  • Gode arbeidstilhøve i eit trygt og inkluderande miljø
  • Tilsetjing etter gjeldande kommunale vilkår (HTA/AML)

Kvifor velje Kvinnherad?

  • Etter eitt år i jobb kan du få sletta 25 000 kr av studielånet
  • Ingen eigedomsskatt
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage
  • Eit eldorado for deg som likar fjell, fjord og friluftsliv
  • Gyldig politiattest må leggjast fram.
  • Vil du bli vår nye kollega?
  • Saman gjer me kvardagen trygg og god for dei som treng oss mest.
  • Link til søknadsskjema: Søk her
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen