Sjukepleiar- 80% fast stilling

Øystre Slidre Søknadsfrist 29. november 2026 Deltid · Fast Sykepleie
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Juvike? Avdeling Juvike er ei demensavdeling på Øystre Slidre helsetun. På helsetunet er det 2 langtidsavdelingar, 1 korttidsavdeling, heimeteneste, omsorgsbustader og institusjonskjøken. På avdelinga er det helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleier og assistentar, og vi samarbeider tett med dei andre avdelingane Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.

Vi held til i nye og moderne lokale. Øystre Slidre helsetun ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområd

Vi har ledig 80% fast stilling som sjukepleiar. Vi håper du vil søke og ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
  • Varierte arbeidsoppgåver som mellom anna består av å gje helsehjelp og miljøarbeid
  • Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
  • Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg

Kvalifikasjonar

  • Utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
  • Det er sterkt ønskjeleg med erfaring/vidareutdanning innan demensomsorg
  • Gode norskkunnskapar
  • Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4

Personlege eigenskapar

  • Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
  • Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar
  • Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Tilleggsansiennitet for sjukepleiarar
  • Nødvendig opplæring og rettleiing
  • Kompetanseheving
  • Opplæring i fagsystem
  • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Anne Bråthen, Avdelingsleiar institusjon, +47 91993201

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5205592022

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 29.11.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen