Sjukepleiar – fast stilling ved Voss sjukehus, oppstart sommaren 2027

Søknadsfrist 29. november 2026 Heltid Sykepleie
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Vil du ha fagleg breidde, tett samarbeid og ansvar – utan å forsvinne i mengda på eit stort sjukehus?

Ved Voss sjukehus får du vere sjukepleiar i ordets rette forstand: tett på pasienten, tett på kollegaene og tett på avgjerdene. No søkjer me sjukepleiarar i faste heiltidsstillingar frå sommaren 2027 til:

  • Medisinsk sengepost
  • Kirurgisk/ortopedisk sengepost
  • Traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar

👉 Oppgje i søknaden kva stilling(ar) du søkjer, i prioritert rekkjefølgje.

Kvifor velje Voss sjukehus?

  • Lokalsjukehus med akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde og gynekologi
  • Høg aktivitet og variert pasientgrunnlag
  • Tett fagleg samarbeid med Haukeland universitetssjukehus
  • Kort veg frå idè til handling
  • Natur, friluftsliv og kulturliv rett utanfor døra

Medisinsk sengepost Heildøgnspost med pasientar innan mellom anna hjarte, lunge, nyre, mage/tarm, slag, infeksjon, diabetes og kreft. 🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg.

Kirurgisk/ortopedisk sengepost Heildøgnspost innan gastrokirurgi, generell kirurgi, ortopedi og gynekologi. Elektiv drift kombinert med øyeblikkeleg hjelp, samt kompetanse innan palliasjon og kreftomsorg. 🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg.

Traineesjukepleiar – for nyutdanna

  • Oppstart juni 2027
  • 100 % fast stilling frå dag éin
  • 2-årig strukturert løp
  • 3 periodar ved ulike einingar (m.a. medisinsk og kirurgisk sengepost)
  • Felles opplæring, fagdagar og gruppebasert rettleiing
  • Dette er eit sterkt springbrett vidare i sjukepleiarkarriera.

📌 For trainee: legg ved karakterutskrift og 2 referansar.

📞 Spørsmål om traineeprogrammet? Ta kontakt med Mari Pedersen, tlf. 938 78 352.

Kvalifikasjonar

Du:

  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • kommuniserer godt på norsk, munnleg og skriftleg

Nyutdanna? Erfaren? Begge delar er velkomne!

Personlege eigenskapar

Du:

  • er fagleg nysgjerrig og tek ansvar
  • trivst med teamarbeid, men jobbar òg sjølvstendig
  • møter pasientar og pårørande med respekt, tryggleik og empati

Me tilbyr

  • Fast heiltidsstilling
  • Sterkt fagmiljø og godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Løn, pensjon og forsikring etter avtaleverk

⏱️ Du må kunne jobbe minst 6 av 9 veker i perioden veke 25–33.

Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen