Sjukepleiar natt – Akuttpost Valen

Kvinnherad Søknadsfrist 27. november 2026 Deltid · Fast Sykepleie
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

På Akuttpost Valen møter du pasientar i ein sårbar situasjon der dine faglege og menneskelege kvalitetar kan vere avgjerande. Er du ein sjukepleiar som ønsker å bidra med tryggleik, omsorg og fagleg kompetanse i eit tverrfagleg miljø? Då kan dette være jobben for deg.

Akuttposten på Valen sjukehus kan tilby pasientane lysregulert behandling, med lys- og mørketarpi. Vi har også eit tilbod vi kallar for "Krisepakke", som er spesielt tilpassa pasientar i akutt krise.

Syns du dette verkar interessant og du har fleire spørsmål vedrørande stillinga, ta gjerne kontakt med oss.

Er dette jobben for deg? 👉Søk no og bli med på laget vårt!

Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleiar med natt-teneste på døgnpost.
  • Sjukepleiar skal gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
  • Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon.
  • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunskaper er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du

  • er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
  • taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er tilpasningsdyktig
  • etterspør rettleiing

Kvifor skal du velje oss?

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
  • Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs
  • Opplæring i møte med aggresjonsproblematikk – MAP
  • Arbeidstid turnus med arbeid 3. kvar helg
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Merete Gravdal, Funksjonsleiar, 53466474

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26

5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5207585969

Stillingsprosent: 70%

Fast

Startdato: 04.01.2027

Sluttdato: 02.01.2028

Søknadsfrist: 27.11.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen