Om stillingen
Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg! Vassenden Heimeteneste gir helse- og omsorgstenester til pasientar i alle aldrar, med hovudvekt på eldre. Pasientane bur anten i omsorgsbustad eller i eigen heim rundt om i bygda. Hos oss blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der du får høve til å lære av dyktige kollegaer og bidra til vidareutvikling av tenesta. Vi legg vekt på samarbeid, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Ingen dagar er heilt like i heimetenesta. Du møter pasientar med ulike behov og vil jamleg stå overfor nye situasjonar og utfordringar som krev faglege vurderingar og løysingar. Dette gir deg ei unik moglegheit til å utvikle breiddekompetanse og bruke både kliniske ferdigheiter, fagkunnskap og sjølvstende i praksis. Dersom du trivst med ansvar, variasjon og meiningsfulle arbeidsdagar, håpar vi du vil søke stilling hos oss.
Vi har følgande stillingar ledig: 100 % fast stilling som sjukepleiar frå snarast 100 % vikariat som sjukepleiar i perioden frå snarast – 31.08.2027 Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg . Det er mogleg å jobbe langvakter og kvar fjerde helg med samla langfri dersom du ønsker det.
Arbeidsoppgåver: sjukepleiefagleg oppfølging og behandling av pasientar kartlegging, observasjon og dokumentasjon medikamenthandtering tverrfagleg samarbeid med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta aktiv bruk av velferdsteknologiske løysingar Kvalifikasjonar: norsk autoris…
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.