Sjukepleiar/Vernepleiar Gotatoppen

Gloppen Søknadsfrist 24. oktober 2026 Fast Sykepleie
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har ei spennande stilling ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri.

Vi søkjer etter einengasjert og dyktig sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit. Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar – Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen. Det er åtte brukarar på kvar avdeling. Gjennom metoden VIPS har vi implementert personsentrert omsorg i avdelingane.

Vi har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar frå no og til 13.09.27. Anna stillingsprosent og periode er og aktuelt. Fast stilling kan bli mogleg.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Du har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har gjennom arbeidet med TØRN endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar/vernepleiar:

  • hjelpe og tilrettelegge for at dei som bur der får utført sine daglege gjeremål
  • legemiddelhandtering
  • sjukepleiar-/vernepleiarfaglege oppgåver
  • dokumentasjon
  • tverrfagleg samarbeid
  • rettleie studentar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som

  • held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri
  • evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert
  • har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte

Vi tilbyr

  • Varierte og lærerike arbeidskvardagar
  • Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Stilling organisert i årsturnus

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

  • Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat.
  • Kontaktinformasjon
  • Marion Bolstad Fløtre, Konstituert avdelingsleiar, +47 94989709
  • Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
  • Arbeidsstad
  • Grandavegen 9
  • 6823 Sandane
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Gloppen kommune
  • Referansenr.: 5189641129
  • Stillingsprosent: 100%
  • Vikar
  • Startdato: 01.11.2026
  • Sluttdato: 13.09.2027
  • Søknadsfrist: 25.10.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen