Om stillingen
Vil du vere med og utvikle omsorgstenestene for framtida? Ønskjer du ein arbeidsplass der samarbeid, fagleg deling og det å løfte kvarandre står sterkt – og der tryggleik, verdigheit og livskvalitet for pasientane alltid kjem først? Då kan Eidet omsorgssenter vere rett stad for deg.Eidet omsorgssenter ligg om lag 20 minutt frå Spjelkavik/Moa-området, og er eit moderne omsorgssenter som stod ferdig i 2017. Senteret består av to avdelingar med totalt 37 plassar, og gir heildøgns omsorg til personar som har behov for avlasting, eller som har demens eller somatisk sjukdom.Vi har felles leiing med heimetenesta i Haram indre, og arbeider målretta saman for å sikre stabil drift, høg fagkompetanse og tenester av best mogleg kvalitet. Eidet omsorgssenter har eige kjøkken og vaktmeister, noko som gir god støtte i det daglege arbeidet. I tillegg har vi kafé/kantine i vekedagane.Turnusordningane våre omfattar dag- og kveldsvakter med arbeid kvar tredje helg, eller langvakter på helg med arbeid kvar fjerde helg. Sjukepleiarane hos oss har faste stabsvakter, med vakter fordelt i avdeling.No søkjer vi ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar til avdeling 1, som har 15 pasientar. Hos oss blir du ein viktig del av eit arbeidsmiljø som byggjer lag – kvar einaste dag – og der sjukepleiarkompetansen blir verdsett og brukt aktivt i pasientarbeidet.Søkjarar som er i ferd med å fullføre sjukepleiarutdanninga si, er også velkomne til å søkje.I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Sikre at pasientar får helsehjelp og tenester av høg kvalitet i tråd med gjeldande lover og retningslinerObservasjon, kartlegging, tiltak og dokumentasjon i HelseplattformenLegemiddelhandteringLaboratoriearbeidRettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentarBidra til meistring, tryggleik og auka livskvalitet i kvardagenSamarbeid med pårørande og interne/eksterne samarbeidspartnarar
Autorisasjon som sjukepleiarRelevant erfaring er ein fordel, men vi ønskjer også nyutdanna sjukepleiarar velkomne som søkjararGod munnleg og skriftleg norsk (minimum B2)Grunnleggjande IKT-kompetansePolitattest, MRSA- og TBC‑eigenerklæring vert krevd ved tilsetjing, i tillegg treng du gyldig norsk personnummer/D-nummer.
Vi ser etter deg som er:Trygg, tydeleg og engasjert – med pasienten i fokusLøysingsorientert, fleksibel og positiv til nye utfordringarSjølvstendig, men også ein god lagspelarEin som bidreg til fellesskap, stabilitet og eit godt arbeidsmiljøNytenkjande og endringsvilligPersonlege eigenskapar vil bli vektlagd
Eit fagleg sterkt, trygt og inkluderande arbeidsmiljøMoglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidskvardagGode rutinar, tett samarbeid og kollegaer som gjer kvarandre godeMøtetid i turnus, med internundervisning etter planSjukepleiar i stabVarierte og meiningsfulle arbeidsoppgåverLøn, pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffBedriftshelsetenesteGratis parkering og gode kollektivforbindelsar
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.