Om stillingen
Prehospital avdeling søkjer sommarvikarar for perioden 21.06.2027-22.08.2027.
Prehospital avdeling består av ambulanseseksjonane og AMK Førde som ligg organisert i Kirurgisk klinikk. Ambulansetenesta består av 19 døgnambulansar og 8 dagambulansar. Dette i tillegg til 2 moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjonane i Solund og Florø.
Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt på våre 16 stasjonar i helseføretaket sitt nedslagsfelt. Vi har eiga særavtale for kompetansetillegg for ambulansearbeidarar.
Stasjonane har ulike vaktordningar og vanlegvis døgnvakter med vakt på vaktrom, ca 2 døgnvakter per veke, eventuelt med kombinasjon av dagbilvakter på 10-12 timar aktiv tid. For å optimalisere bruk av vikarar, kan det bli førespegla arbeid ved fleire stasjonar innanfor same arbeidsavtale.
Det må kome fram i søknaden kva nedslagsfelt vikaren ønskjer å jobbe i (Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn) og kva tidsrom innanfor vikarperioden søkjaren kan arbeide. Vi forbeheld oss retten til å selektere vikarar ut frå kva arbeidskapasitet som kan leggast til grunn. Vikarar må vere budd på å jobbe ved ulike stasjonar.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Arbeidsoppgåver
- Beredskap for og gjennomføring av ambulanseoppdrag
- Deltaking i anna helseteneste og beredskapsretta arbeid
- Fag- og prosjektarbeid med mål om kompetanseutvikling i ambulanseteam og eigentrening.
- Kontroll, vedlikehald og reingjering av beredskapsutstyr og ambulansar
- Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
- Førefallande arbeid på stasjonen og elles i avdelinga
- Det er utarbeidd stillingsomtale for stillinga
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar eller ambulanseassistent.
- Søkjarar med helseautorisasjon som sjukepleiar er aktuelle søkjarar om ein kan vise til bestått vikarkurs/forskriftskurs (trinn-utsjekk) og klinisk praksis som vilkår for å stette kompetansekrava i akuttmedisinforskrifta
- Studentar som til våren er ferdig med 2.års paramedisin, 3 års sjukepleiestudie, eller 3. års medisinerstudent, sjå helse-forde.no / ambulansetenesta /jobbmoglegheiter / kvalifikasjonskrav, under føresetnad av bestått trinn-utsjekk før ordinær vakt.
- Førarkort kl. B og C1. C1 må vere på plass før første ordinære vakt.
- Utrykkingskompetanse K160 er ein fordel
- Bestå dei fysiske krava for tenesta
- God datakompetanse og erfaring med bruk av MS Officeprogram
- Den tilsette må delta på og bestå obligatorisk opplæring, interne kurs, og nødvendig etterutdanning i tråd med tenesta sin gjeldande kompetanseplan
Personlege eigenskapar
- Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
- Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar
- Trivst med å jobbe i eit team med tidvis hektisk og høg aktivitet
- Pliktoppfyllande
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- God fysisk- og psykisk helse
- Villig til kontinuerlig å søkje fagleg utvikling og delta i kurs og fagaktivitetar i regi av føretaket sin vedtatte kompetanseplan
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
- Fagleg og personleg utvikling
- Kompetanseutvikling i form av fagstige
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Inntil kr 12.500 årleg for å dekke utlegg for C1 førarkort dersom arbeid i 6 veker gjennom sommaren 25. Inntil kr 25.000 over to år.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
- Kontaktinformasjon
- Kjartan Kristian Heggø, Seksjonsleiar, 415 30 507
- Frank Haukereid Reksnes, Seksjonsleiar, 412 86 285
Arbeidssted
Svanehaugvegen 6
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5204273114
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.01.2027
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.