Om stillingen
Om stillinga
Vil du ha ei viktig rolle i arbeidet med å dokumentere kompetansen til framtidas fagarbeidarar?
Vi søker ein vikar til laget vårt på opplæring i bedrift. Hos oss får du ei viktig administrativ rolle der du er med på å sikre at ungdom og vaksne får dokumentasjonen dei har krav på etter fullført fagopplæring. Du blir ein del av eit fagmiljø med meiningsfulle oppgåver og eit viktig samfunnsoppdrag.
Stillinga er eit vikariat fram til 31. august 2028, med ønskje om tiltreding så snart som mogleg. Det kan vere mogleg å forlengje vikariatet dersom behovet held fram.
Arbeidsoppgåver
I hovedsak vil dine oppgåver vere knytt til administrativ behandling og utferding av dokumentasjon etter gjennomført fagopplæring.
Du vil blant anna jobbe med:
- saksbehandle protokollar etter fagprøve
- produsere vitnemål og kompetansebevis
- bestille trykking av fagbrev
- registreringar i høve godkjenning av nye lærebedrifter
- registreringar i høve søknad til læreplass
Andre oppgåver kan bli tillagt avhenging av kvalifikasjonar og behov
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- relevant utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring og realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet, men du vil da få tittelen konsulent.
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- god digital kompetanse og evne til å sette deg inn i nye system
Det er ein fordel om du også har:
- kjennskap til skoleadministrative system, som Vigo og Visma InSchool
- kjennskap til vidaregåande opplæring, særleg fagopplæring
- erfaring med saksbehandling i offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
For å trivast og lykkast i stillinga trur vi at du:
- er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
- trivst med administrative oppgåver og rutinearbeid
- klarer å arbeide effektivt, også når det er fleire saker som skal behandlast
- liker å samarbeide med andre og er imøtekommande
Vi tilbyr
Opplæring i bedrift har det overordna administrative ansvaret for alle lærlinger, lærebedrifter og prøvenemnder, og alt som høyrer inn under desse områda. Du får arbeide saman med våre engasjerte kollegaer i eit sterkt fagmiljø med rom for nytenking. Du kan i stor grad planlegge eigen arbeidskvardag, og vi gir deg moglegheit for kompetanseutvikling.
Som ein del av oss får du offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår gjennom medlemskap i KLP, og løn etter avtale.
Kontorstad i Molde.
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.
![Møre og Romsdal fylkeskommune, Borgund vgs [borgund]](https://jobbcollect.seoweb.no/public/uploads/job-assets/county_ats_verified/logo/5199224195-fdaafc62f2df.png)
![Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund vgs (ny) [alesund]](https://jobbcollect.seoweb.no/public/uploads/job-assets/county_ats_verified/logo/5197936086-cc6f64c035ac.png)
![Møre og Romsdal fylkeskommune, Borgund vgs [borgund]](https://jobbcollect.seoweb.no/public/uploads/job-assets/county_ats_verified/logo/5199213632-6b66b6fadb5f.png)
