Om stillingen
Stabsleiar Ynskjer du å vere med å vidareutvikle ein distriktskommune og eit lokalsamfunn? Liker du å ha kontroll på både dei store linene og dei små detaljane? Har du erfaring frå offentleg sektor? Då er du akkurat den vi ser etter. Vi er Solund kommune, og ser etter stabsleiar til kommunedirektøren sin stab. Som stabsleiar vil du ha ansvar for alle sentraliserte stabsfunksjonar i kommunen som økonomi, arkiv, personal, IKT, politisk sekretariat, bustad og beredskap.
Du vert ein del av kommunedirektøren sin leiargruppe, og vil være stadfortredar for kommunedirektøren. Du får ein sentral rolle i så vel den daglege drifta, som den strategiske utviklinga av Solund kommune. Ansvarsområda er svært varierte, og du vil få god støtte av dei seks faste tilsette i Staben, fleire interkommunale samarbeid og ein rekke andre eksterne aktørar som: Statsforvaltaren, KS og Vestland fylkeskommune. Du må raskt kunne sette deg inn i nye problemstillingar og samarbeide godt i ulike strukturar.
Sentrale arbeidsoppgåver: Organisere og vidareutvikle Staben og stabsfunksjonane Ha personal- og økonomiansvar for Staben Førebu, og følge opp, saker til politisk handsaming Sakshandsame innanfor ein rekke ulike særlover og ordningar Innføre og administrere ulike IKT-system i kommunen Delta på vegne av Solund kommune i ulike interkommunale og regional samarbeid og samlingar Du må være fleksibel og ikkje redd for å ta i eit tak. Organisasjonen er stadig i utvikling og vi må handtere stort og smått som skjer i kvardagen.
Vi ser etter deg som gjerne har: Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, t…