Stranda distrikt – helgevakt og tilkallingsvikarar

Stranda Søknadsfrist 30. november 2026 Pleie og omsorg
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Vi søker etter tilkallingsvikarar i Stranda distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg.

Stranda distrikt består av sjukeheim med 38 plassar, omsorgsbustadar ved avdeling Dalane, Solbakken og Liabygda og tenester til yngre heimebuande brukarar med funksjonsnedsetting.

Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Skriv i søknaden kva du søkjer på:

  • Stranda omsorgssenter avd. sjukeheimen – Helg og tilkalling
  • Stranda omsorgssenter avd. heimetenesta – Helg og tilkalling
  • Stranda omsorgssenter avd. HTF (heimeteneste til yngre med funksjonsnedsettingar) – Helg og tilkalling

Arbeidsoppgåver

Arbeid i pleie ved avdeling sjukeheimen

Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad

Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar

Kvalifikasjonar

Erfaring frå pleie- og omsorgstenestene er ein fordel, men ikkje eit krav.

Søkjarar til heimetenestene må ha førarkort.

Personlege eigenskapar

  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg.
  • Interesse for faget.
  • Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov

Vi tilbyr

Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk

Løn etter kvalifikasjonar

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen