Studiekoordinator

Bergen Søknadsfrist 29. oktober 2026 Fast Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Med om lag 2200 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette.

Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.

Arbeidsoppgåver

Fagskulen Vestland søker etter to nye medarbeidarar i 100 % faste stilling som studiekoordinatorar ved studiestadene i Bergen. Vi ser etter deg som har studieadministrativ erfaring, og som arbeidar sjølvstendig og systematisk med oppgåvene. Personane som blir tilsett skal gje administrativ støtte til utdanningsleiarar knytt til drift av utdanningane, og bidra til god kvalitet i oppfølging av studentane. Stillingane er ein del av administrasjonen med 16 medarbeidarar.

Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning på masternivå (lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning)
  • relevant arbeidserfaring
  • kjennskap til studieadministrative system, LMS og liknande er ein føremon
  • god erfaring frå saksbehandling og god forståing for forvaltningsprosessar, regelverk og krav til kvalitet og dokumentasjon er ein føremon
  • gode IKT kunnskapar
  • god skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • har gode samarbeidsevner
  • er initiativrik og sjølvstendig
  • trivst med utfordringar
  • nøyaktig og systematisk

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
  • ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • løn etter avtale
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Kontaktinformasjon
  • Hege Aarethun, administrasjonsleiar, +47 99509287
  • Arbeidsstad
  • Haugeveien 28
  • 5005 Bergen
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
  • Referansenr.: 5194842269
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 30.10.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen