Tannhelsesekretær ved distriktstannklinikken Volda eller Ørsta

Volda Søknadsfrist 20. november 2026 Heltid · Fast Helsefag
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal? 

  • Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?
  • Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?
  • Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?
  • Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?

Vi har ledig fast 100 % stilling som tannhelsesekretær ved distriktstannklinikken Volda eller distriktstannklinikken Ørsta. Tenestestad blir fastsett av overtannlege etter dialog med aktuelle søkarar.

Arbeidsoppgåver

  • Assistere tannlege og tannpleiar i behandling av alle pasientgrupper.
  • Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientar i alle aldersgrupper.
  • Hygieneansvar og oppgåver innan smittevern.
  • Administrative oppgåver knytte til timebestillingar, journalsystem og pasientkontakt.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
  • Søkarar utan autorisasjon kan bli vurdert for tilsetting i stilling som assistent (st.kode 6572) dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon som tannhelsesekretær.
  • God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
  • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • kjenner stoltheit for tannhelsefaget
  • trivst med å jobbe med og for mennesker.
  • Jobbar effektivt og sjølvstendig.
  • har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert.
  • ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Ein god jobb der du kan utvikle deg
  • Lønn etter tariffavtale
  • Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
  • Trivelege medarbeidarar og godt miljø
  • Introduksjonsprogram
  • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)

Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest

  • Kontaktinformasjon
  • Hege Myklebust, Overtannlege Søre Sunnmøre kompetanseregion , 90869869
  • Arbeidsstad
  • Røysbakken 3
  • 6100 Volda
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Referansenr.: 5197880203
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 20.11.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen