Tilkallingsvikar

Haram Søknadsfrist 31. desember 2026 Barnehage
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Lepsøy barnehage ligg sentralt til på Lepsøya med kort veg til fjell, fjøre, butikk og idrettsområde. Barnehagen har 16 barn og 5 tilsette fordelt på to grupper. Visjonen vår er "saman skaper vi tillit, tryggleik og trivsel" og det jobbar vi mot kvar dag – for både barn og tilsette. Vi treng no fleire tilkallingsvikarar som kan trå til på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Dette kan vere for korte eller lengre periodar. Vi søker etter dyktige vikarar som er aktive, leikne, omsorgsfulle og trygge vaksne.Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.

Arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer.Herunder:Bidra til at det enkelte barnet får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppeGi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barnetMedansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppaBidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige omFølge opp den rettleiinga ein fårAnsvar for å sette seg inn i og følge barnehagen sine HMS-prosedyrar

Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi– og tuberkulinattest.Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova §27.Relevant utdanning og/eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit kravPersonlege eigenskapar blir vektlagt

Vi søker deg som:Har eit ønske om å arbeide med barnHar god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behovHar gode kommunikasjon- og samarbeidsevnerTrivast i ein aktiv kvardagEr glad i å vere uteEr positiv, fleksibel og løysingsorientert

Givande arbeid i gode fag- og arbeidsmiljøMoglegheit til å bestemme sjølv kor mykje du vil arbeide og nårTilgong til kurs og kompetansehevande tiltakLøn etter tariffMoglegheit til å prøve å jobbe i ulike barnehagar

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen