Om stillingen
BUA Ulstein søkjer tilkallingsvikarar til vår utlånssentral for sports- og friluftsutstyr.Om BUA Ulstein UtlånssentralBUA (Barn-Unge-Aktivitet) er ei gratis utlånsordning for sports- og friluftsutstyr, med særleg fokus på barn og unge. Målet er å gi fleire moglegheit til å vere fysisk aktive og prøve nye aktivitetar utan at dei må kjøpe dyrt utstyr. Gjennom BUA kan ein låne utstyr til alle årstider, heilt gratis.BUA Ulstein held til i Ulsteinvik og har ope to ettermiddagar i veka, måndag og torsdag. Vi har no behov for fleire tilkallingsvikarar som kan stille opp ved behov.
Utlån og mottak av sports- og friluftsutstyrRettleiing og service til brukarar av BUAOrganisering og tilrettelegging i BUA-lokaletRegistrering av utlån i digitale systemEnkelt vedlikehald, kontroll og klargjering av utstyrBidra til at lokalet framstår ryddig og innbydande
Du må vere fylt 18 årInteresse for friluftsliv, idrett og aktivitetsutstyrKunnskap om sports- og friluftsutstyr er ein fordelGrunnleggjande digitale ferdigheiterGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegGode engelskkunnskapar er ønskjelegErfaring frå butikk, kundeservice eller liknande arbeid er ein fordel
Vi ser etter deg som:Er serviceinnstilt og imøtekomandeEr strukturert og tek ansvarEr løysingsorientert og praktisk anlagtHar gode samarbeidsevnerSamstundes trivst med å arbeide sjølvstendigEr påliteleg og fleksibel
Meiningsfylt arbeid som bidreg til inkludering, aktivitet og berekraftVarierte arbeidsoppgåverOpplæring i utlånssystem og rutinarLøn etter gjeldande avtaleverk Vil du vere med og gjere det enklare for barn, ungdom og familiar å kome seg ut i aktivitet? Då håper vi å høyre frå deg!Viktig informasjon om stillinga:BUA Ulstein er finansiert gjennom kommunale midlar, prosjektmidlar og ulike tilskotsordningar. Dette gjer at vi ikkje har faste stillingar knytte til denne utlysinga. Arbeidsomfanget vil variere ut frå behov, aktivitetstilbod og tilgjengelege midlar. Send oss ein kort søknad og CV der du fortel litt om kven du er og kva erfaring du har. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller livssyn.
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.