Tilkallingsvikarar ved institusjonstenester og heimetenester

Aurland Søknadsfrist 30. november 2026 Pleie og omsorg
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Tilkallingsvikarar ved institusjonstenester og heimetenester Har du lyst på ein liten ekstrajobb? Felles utlysing for institusjon og heimetenester

Om stillinga Me treng tilkallingsvikarar ved institusjonstenester og heimetenester ved desse avdelingane: 1. helsetun 2. postkjøken i avdeling 3. institusjonskjøken (kokk/kjøkenassistent) 4. heimebaserte tenester 5. dagtilbod for heimebuande personar med kognitiv svikt Institusjonstenester og heimetenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg. Skriv i søknaden kor du vil jobbe.

Arbeids- og ansvarsområde OPPGÅVER HELSETUNET: – pleie og omsorg til pasientane – hjelp til personleg hygiene – tilsyn – rapportere til sjukepleiar om pasientane sine behov og observasjonar / endringar – dokumentere / journalføre i elektronisk pasientjournal – vere med pasientane i aktivitetar ved avdelinga, turar med elektrisk sykkel, gå- eller trille tur – sosialt samvær som til dømes: sjå bilde og film frå nær og fjern, lese avisa, songstund POSTKJØKEN i avdeling: – tilberede frukost – hjelpe pasienter med måltid – vaske og rydde på postkjøkenet – sosialt samvær med – rydding på skyllerom OPPGÅVER INSTITUSJONSKJØKEN: – ulike oppgåver delegert frå kjøkenleiar – delta i tillaging av mat / middag til helsetunet og til heimebuande OPPGÅVER HEIMEBASERTE TENESTER: – yte naudsynt helsehjelp, stell, pleie, tilrettelegging og god omsorg – sårstell – medikamentutdeling – førebyggande og rehabiliterande helsearbeid – samarbeid med forskjellige faggrupper og tverrfagleg samarbeid – praktisk bistand som å støvsuge, reingjere golv og bad, skifte på seng, vask av kle, innkjøp av matvarer og utlevering av middag OPPGÅVER DAGTILBOD: – delta i aktivitetar for og med heimebuande personar med kognitiv svikt – delta i drift av dagsenter – bidra til gode opplevingar ved måltida

Me tilbyr bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum gode pensjons- og forsikringsordningar løn etter tariff (lokal stige for sjukepleiarar og vernepleiarar) tilbod om minimum 6 års tilleggsansiennitet for søkarar med fagbrev og høgskule ekstra laurdags- og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff) studentar under høgskuleutdanning får startløn tilsvarande fagarbeidarstilling dersom utdanninga er relevant for stillinga. sjukepleie- og vernepleiestudentar som har fullført medikamentprøve får kr 10 000 i tillegg til tariffløn gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen til helgevikarar gratis inngang til symjehallen til helgevikarar sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Kvalifikasjonar For å dekke desse tenestene treng me sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar, studentar og pleiemedarbeidarar / assistentar

Personlege eigenskapar

Løns- og tilsetjingsvilkår

Krav til språk Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg, godkjent norsk B2. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til [email protected]. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar. NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav. Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

Om oss

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen