Om stillingen
Om stillinga
I Vestland fylkeskommune sit vi på enorme mengder data om fylkesvegnettet. Vi registrerer tilstand, vedlikehald, trafikk, geografi, investeringar og mykje meir. Utfordringa er ikkje å få tak i data. Utfordringa er å bruke dei smart. Der kjem du inn.
Er du utviklar, data scientist eller teknolog med nokre år på baken, og kjenner at du vil bruke kompetansen din på noko som faktisk betyr noko? Då kan dette vere jobben for deg. Vestland fylkeskommune satsar tungt på digitalisering, data og kunstig intelligens for å skape smartare arbeidsprosessar, betre avgjerdsgrunnlag og meir berekraftige løysingar for innbyggjarane våre.
Arbeidsoppgåver
Kva skal du jobbe med?
Utvikling av digitale løysingar for vegforvaltning, drift, analyse og samfunnsutvikling
Utforsking og implementering av kunstig intelligens, maskinlæring og automatisering
Bygging av dataplattformer, dashbord og analyseverktøy
Omforming av store datamengder til innsikt som gir betre avgjerder
Identifisering av nye moglegheiter innan KI, dataanalyse og digitalisering
Leiing og deltaking i tverrfaglege innovasjonsprosjekt
Kvalifikasjonar
- Kven ser vi etter? 3 år, eller gjerne mer – erfaring som utviklar, data scientist, ML-engineer eller tilsvarande Høgare utdanning innan IT, informatikk, data sciencen eller liknande Erfaring med Python, SQL, Power BI eller liknande (Gjerne KI-assistert) Interesse for generativ KI og moderne utviklingsmetodar Kjennskap til GIS eller BIM er ein fordel
Kjennskap til utviklings av løysingar for prosessforbetring er ein fordel
- Gode kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar
Dette trur vi kjenneteiknar deg
Sjølvstendig og initiativrik
Strukturert utan å bli firkanta
Deler kunnskap og løfter andre
Vi tilbyr
Givande arbeid med utvikling av korleis i vi skal levere vegforvaltning og vegbygging i framtida, i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse. Vi er opptekne av at vi skal trivst på jobb og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune. Ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Gode forsikringsvilkår.
Stillingsnemning etter kvalifikasjonar og erfaring. Kontorstad i Bergen eller Leikanger.
Nysgjerrig? Ta kontakt med Ada. Vi tek gjerne ein uformell prat før du bestemmer deg for om du vil søkje.
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.




