Vernepleiar 100 % fast

Fyresdal Søknadsfrist 21. desember 2026 Pleie og omsorg
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

TTF søkjer fleire dyktige medarbeidarar. Vi treng deg som vil vere med og skape eit godt og inkluderande TTF – ein flott stad å bu, arbeide og trivast. Vi skal spele kvarandre gode! TTF er eit bufellesskap som gir tenester til personar med ulike funksjonsvariasjoner og bistandsbehov. Tenesta omfattar både fastbuande personar og avlasting. Målet vårt er å leggje til rette for ein trygg og meiningsfull kvardag, med fokus på meistring, sjølvstende, aktivitet og deltaking.

I stillinga som vernepleiar vil du ha fagansvar og ansvar som stedfortredar for avdelingsleiar ved behov. Du vil følgje opp bebuarane i kvardagen og vere ein vikitg støtte i daglege aktivitetar og gjeremål. Arbeidet krev at du kan byggje gode relasjoner, arbeide sjølvstendig og samtidig samarbeide tett med kollegaer og andre faggrupper. Vi ynskjer oss ein som ser heilskapen, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, initiativrik og engasjert. Me tilbyr turnus med dag og kveld, måndag til fredag. Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå bebuarane sine behov og gjeldande vedtak. Kvalifiserte søkjarar blir kalla inn til intervju fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging og praktisk bistand i dagleglivet ut frå den enkelte sine behov og vedtak
  • Målretta miljøarbeid
  • Leggje til rette for aktivitet, meistring, sjølvstende og deltaking
  • Observere endringar i helse og funksjonsnivå og følgje opp dette etter gjeldande rutinar
  • Legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar
  • Samarbeid med kollegaer, pårørande og aktuelle fagpersonar
  • Samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta
  • Dokumentasjon i Profil
  • Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og eit godt arbeidsmiljø
  • Diverse praktiske oppgaver i boligen

Kvalifikasjonar

  • Autorisert vernepleiar
  • Ønskjeleg med erfaring med brukergruppen
  • Fagleg dyktig, engasjert og trygg på eigen kompetanse
  • Interesse for fagfeltet og engasjement for brukargruppa
  • Kjennskap til aktuelt lovverk
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Ha forståing og respekt for å jobba i andres heim
  • Har god evne til å jobbe sjølvstendig
  • Vere ansvarsfull, punktlig og stabil
  • Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande
  • Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert
  • Har stor arbeidskapasitet
  • Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon
  • Likar utfordringar

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
  • Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
  • 37,5 timars veke. Turnus med dag og kveld, måndag til fredag (ikkje helg). Det er mogleg å komma med ønske til turnus.
  • Løn etter tariff avtale.
  • Fyresdal kommune kan vere behjelpeleg med å finne bustad
  • Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen – Fyresdal er i sentralitetsklasse 6

Tilsetjingsvilkår

  • Tilsetting skjer i samsvar med Fyresdal kommune sine personalpolitiske retningsliner, gjeldande lov- og avtaleverk.
  • Seks månadar prøvetid
  • Krav om politiattest før tiltreding
  • Teieplikt etter gjeldande regelverk
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen