Vernepleiar/fagarbeidar/assistent for stilling ved eiga avdeling ved Kviteseid skule vikariat

Kviteseid Søknadsfrist 24. oktober 2026 Vikariat Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil du vere med og skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull skulekvardag for elevane våre? Ved Kviteseid skule har vi ledig inntil 60% vikariat som fagarbeidar frå omgåande til 31.12 med stor moglegheit for forlenging.

Vi søkjer etter ein varm, tydeleg og relasjonssterk vaksen som ønskjer å vere ein viktig del av laget rundt elevane våre. Stillinga vil innebere arbeid både i skule og eventuelt på SFO

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp enkeltelevar og elevgruppa
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
  • Støtte elevar med ulike behov og utfordringar i skulekvardagen
  • Delta aktivt i samarbeid med lærarar, føresette og andre tilsette
  • Arbeid på SFO kan vere aktuelt

Kvalifikasjonar

•Utdanning som vernepleiar er ønskjeleg Anna relevant utdanning eller erfaring kan òg vere aktuell

  • Erfaring frå arbeid med barn og unge vil vere ein fordel
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt

Personlege eigenskapar

  • Er ein varm, raus og tydeleg vaksenperson
  • Er glad i barn og oppteken av at alle elevar skal oppleve meistring og trivsel
  • Har evne til å byggje gode relasjonar og sjå det beste i elevane
  • Kan møte elevar med ulike behov med tryggleik, tolmod og omsorg
  • Er fleksibel, samarbeidsvillig og løysingsorientert
  • Kan ta imot rettleiing og beskjedar, samstundes som du kan arbeide sjølvstendig og ta gode val i kvardagen
  • Bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet og samarbeidet på skulen

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • Meiningsfulle og varierte arbeidsdagar
  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Moglegheit til å gjere ein viktig forskjell i elevane sin kvardag
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kontaktinformasjon
  • Siv Omtveit Aasan, Avdelingsleiar Kviteseid skule, +47 93063991
  • Unni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, 90756486
  • Arbeidsstad
  • Skulevegen 9
  • 3850 Kviteseid
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
  • Referansenr.: 5194209681
  • Stillingsprosent: 60%
  • Vikar
  • Startdato: 02.11.2026
  • Sluttdato: 31.12.2026
  • Søknadsfrist: 27.10.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen