Vernepleiar/miljøterapeut i barneavlastinga

Stad Søknadsfrist 15. november 2026 Psykisk helse
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Søkjer du spennande utfordringar og eit godt fagmiljø i eit spennande tiltak, så kan dette vere stillinga for deg!

Barneavlastinga har ledig ei 100 % fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut frå 01.01.2027. Avdelinga er ein del av eininga Meistring og psykisk helse.

Stillinga er inkludert 20 % frie timar. Turnusen er lagt opp med langvakter knytt til eit tiltak med 2:1 bemanning og vakter i Barneavlastinga. Arbeidshelg kvar fjerde helg med langvakter.

Barneavlastinga gjev eit avlastingstilbod for familiar som har eit tyngande omsorgsbehov for sine barn. Barna har ulike behov for oppfølging og bistand. I avdelinga arbeider ein tett på barna gjennom miljøterapeutiske tiltak og individuelt tilpassa oppfølging. Som tilsett er du med på å skape tryggleik, meistring og gode dagar for barna. Stillinga krev at ein kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivast med tett samarbeid i team. Arbeidsoppgåvene og arbeidsdagane er mange og varierte, og godt samarbeid er ein viktig faktor for både kvaliteten på tenestene og arbeidsmiljøet vårt.

Stillinga må sjåast i samanheng med pågåande interne prosessar i organisasjonen. Det blir derfor teke atterhald om at stillinga kan bli fylt gjennom intern tilsetjing.

Arbeidsoppgåver

  • Vernepleiefaglege og/eller miljøterapeutiske oppgåver, miljøterapi, omsorg og behandling
  • Ansvar for det faglege rundt barn og ungdom
  • Skape ein god heim
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
  • Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
  • Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Vernepleiar: Vernepleiar med autorisasjon
  • Miljøterapeut: Treårig helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning knytt til barn og unge og/eller psykisk helse
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell – og sosial bakgrunn og med ulike livssyn.
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Vi tilbyr

  • Høve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs
  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vernepleiar får rekrutteringstillegg på kr. 30.000 i tillegg til tariffløn
  • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.

Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga

Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Stine Takle Piel tlf 41457801

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen