Vi søkjer tilkallingsvikar innan reinhald!

Vågå Søknadsfrist 29. november 2026 Deltid · Vikariat Renhold
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Har du lyst på ein variert og viktig jobb der du bidreg til eit reint, triveleg og godt miljø?

Vi søkjer ein serviceinnstilt og påliteleg tilkallingsvikar til reinhaldsavdelinga i kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg og periodisk reinhald av kommunale bygg.
  • Reinhald av skular, barnehagar, kontor og andre kommunale lokale.
  • Sørgje for at lokala er reine og trivelege for tilsette, brukarar og besøkande.
  • Bruk av reinhaldsutstyr og maskiner.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå reinhaldsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Du er nøyaktig, fleksibel og ansvarsmedviten.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Du må beherske norsk munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein positiv og serviceinnstilt person som er arbeidsvillig, påliteleg og møter både kollegaer og arbeidsoppgåver med godt humør.

Vi tilbyr

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer.
  • Opplæring vil bli gitt.
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtale.

Arbeidstid

Som tilkallingsvikar vil du bli kontakta ved behov for vikar, til dømes ved sjukdom, ferie og anna fråvær. Arbeidsmengda vil variere etter behov.

Søknad

Høyrest dette interessant ut? Vi håpar du har lyst til å bli ein del av reinhaldsavdelinga vår!

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen