Vil du bli vår nye assisterande seksjonsleiar?

Bergen Søknadsfrist 6. desember 2026 Heltid Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Vil du vere med å utvikle og forme ein ny seksjon i MBF? Frå 1. mars 2027 blir preanalytisk seksjon og seksjon for pasientnær analysering samla til éi felles eining. Vi søkjer no ein engasjert og utviklingsorientert assisterande seksjonsleiar som ønskjer å vere med på å bygge opp, utvikle og forme den nye seksjonen.

Dette er ei spennande moglegheit for deg som trivst med ansvar, samarbeid og utviklingsarbeid. I tett samarbeid med seksjonsleiar og ein annan assisterande seksjonsleiar vil du få ei sentral rolle i medarbeidaroppfølging, ressursplanlegging og vidareutvikling av arbeidsprosessar og tenester

MBF står framfor fleire viktige utviklings- og endringsprosessar i åra som kjem. Som assisterande seksjonsleiar får du vere med på å forme den nye seksjonen og bidra til vidare utvikling av laboratorietenestene i avdelinga.

Litt om oss Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av seks avdelingar i Laboratorieklinikken ved Helse Bergen og har om lag 370 tilsette. Avdelinga omfattar 12 analytiske og fire ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene innan medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt NAPOS, NOKLUS og RELIS. Verksemda omfattar rutinedrift, forsking, utviklingsarbeid og innovasjon, og laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189.

Arbeidsoppgåver

  • Tett samarbeid med seksjonsleiar
  • Bidra til å vidareutvikle arbeidsprosessar, kvalitet og samhandling på tvers av fagområde
  • Medansvar for drift, bemanning og ressursplanlegging
  • Medansvar for økonomi og budsjettoppfølging
  • Stedfortredar for seksjonsleiar
  • Personalansvar for fagbioingeniørar og bioingeniørar i PNA-gruppa

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Minimum 2 års relevant erfaring frå medisinsk laboratorium
  • Erfaring frå koordinering, fagansvar eller leiing er ein fordel
  • Erfaring med pasientnær analysering og pasientnære instrument er ønskjeleg
  • Erfaring frå endrings-, forbetrings- eller utviklingsarbeid er ønskjeleg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne med norsk som hovedmål

Personlege eigenskapar

  • Er engasjert i medarbeidarar, fagmiljø og organisasjonsutvikling
  • Trivst med ansvar og tar initiativ
  • Arbeider strukturert og målretta
  • Har gode samarbeidsevner og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø
  • Er løysingsorientert og handterer endringar på ein konstruktiv måte

Du motiverast av å skape gode resultat saman med andre, og ser verdien av å kombinere dagleg drift med utviklings- og forbetringsarbeid.

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit fagmiljø med høg kompetanse
  • Dagstilling utan vakter
  • Løn etter avtale

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen