Vil du bli vår nye fysioterapeut eller spesialfysioterapeut?

Haugesund Søknadsfrist 27. november 2026 Heltid · Vikariat Terapi og rehabilitering
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil du bli vår nye fysioterapeut eller spesialfysioterapeut? Vi har ledig vikariat ved Haugesund sjukehus!

Terapeutavdelinga ved Haugesund sjukehus søkjer ein engasjert fysioterapeut eller spesialfysioterapeut som ønskjer å bli ein del av laget vårt! Hos oss blir du ein del av eit kompetent fagmiljø med varierte og spennande arbeidsoppgåver. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og jobbar saman for å gi pasientane våre best mogleg behandling og oppfølging.

Stillinga er knytt til dei medisinske sengepostane, og vi ønskjer difor særleg søkjarar med interesse for og gjerne erfaring innan barnefysioterapi og lungefysioterapi. Vidareutdanning eller relevante kurs innan desse fagområda er ein fordel.

Som fysioterapeut hos oss blir du ein del av Terapeutavdelinga, som i tillegg til fysioterapeutar består av ergoterapeutar, sosionomar, kliniske ernæringsfysiologar og sjukehusprestar. Her får du samarbeide tett med ulike faggrupper og bidra med kompetansen din i eit breitt og spennande fagmiljø.

✨ Vi håpar du har lyst til å bli vår nye kollega!

Kva går jobben ut på?

  • Vurdere og prioritere innkomne tilvisingar.
  • Gi individuell behandling og oppfølging av pasientar.
  • Utføre behandling både på sengepost og poliklinisk.
  • Delta aktivt i tverrfaglege team.
  • Arbeide helg og på raude dagar etter rullering.
  • Ha rettleiingsansvar for studentar og turnusfysioterapeutar.
  • Undervise pasientar og helsepersonell.
  • Bidra til fagleg utvikling, alltid med pasienten i fokus.

Kva kompetanse ser vi etter?

  • Du har norsk autorisasjon som fysioterapeut.
  • Vi ønskjer primært ein spesialfysioterapeut med vidareutdanning innan barnefysioterapi og/eller lungefysioterapi. Relevante kurs innan desse fagområda er også ønskjeleg.
  • Du har gjerne erfaring innan barnefysioterapi og lungefysioterapi.
  • Du har gjerne kjennskap til DIPS og gode generelle IKT-kunnskapar.
  • Du beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Du er løysingsorientert, nytenkjande og evnar å reflektere over eigen praksis.
  • Du bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø.
  • Du arbeider strukturert og sjølvstendig.
  • Du er trygg på å formidle kunnskap og undervise i ulike samanhengar.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Dette kan vi tilby deg!

  • Ein spennande og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
  • Eit aktivt, triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Ein variert arbeidskvardag i eit tverrfagleg sjukehusmiljø.
  • Løn etter gjeldande avtalar.
  • Medlemskap i KLP med gode pensjons- og forsikringsordningar.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Agneta Lundkvist Gard, Avdelingsleder Terapeutavdelingen, 47 31 74 03

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5209608672

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 04.01.2027

Sluttdato: 31.12.2027

Søknadsfrist: 27.11.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen