Om stillingen
Er du sjukepleiar og på jakt etter nye, spennande utfordringar?
Vil du jobbe i eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer og utviklande arbeidsoppgåver? Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS) sone 2, søkjer sjukepleiar i 100 % fast stilling. Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg, per i dag. Vi er i prosess med planer om å lage årsturnus og langvakter for den som ønsker det.
Ved å velje BUAS får du: 💙 Ein variert arbeidskvardag med høg fagleg aktivitet, godt arbeidsmiljø og kollegaer som støttar og utviklar kvarandre. 💙 Støtte av eiga sjukepleiargruppe som bistår avdelingane etter behov 💙 Gode moglegheiter for fagleg utvikling 💙 Tverrfagleg samarbeid og kompetansedeling 💙 Dyktige og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
Bli ein del av laget vårt! 💙 Vi ser fram til å høyre frå deg! Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar velkomne til å søkje. Tilsetting kan skje fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg oppfølging av pasientar med samansette behov
- Kliniske observasjonar, vurderingar og dokumentasjon
- Medikamenthandtering og ulike behandlingstiltak
- Rehabilitering og palliativ omsorg
- Samhandling med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
- Tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og andre tenester
- Bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta
- Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
- Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
Personlege eigenskapar
- Vere strukturert og løysingsorientert
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert
- Vise fagleg engasjement
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Rekrutteringstillegg til nytilsette
- Gratis parkering
Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
- Kontaktinformasjon
- Astrid Hammernes Strømme, Avdelingsleiar BUAS sone 2, 95947361, [email protected]
- Wenche Oldeide, Einingsleiar BUAS, 90118218, [email protected]
- Arbeidsstad
- Haugneset 16
- 6230 SYKKYLVEN
- Nøkkelinformasjon:
- Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
- Referansenr.: 5193009184
- Stillingsprosent: 100%
- Fast
- Søknadsfrist: 08.11.2026
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.