Om stillingen
Er du god på animasjon og visuell formidling, og trivst med å jobbe tett på heile utviklingsprosessen? Bli med og løft korleis vi lagar digital opplæring til medarbeidarar i spesialisthelsetenesta! I seksjon for Kompetanse og digital læring i Helse Vest IKT har vi ledig eit eittårig vikariat i innhaldsproduksjonsteamet vårt.
Vi ser etter ein allsidig animatør / visuell innhaldsutviklar som både meistrar sjølve handverket med å skape animasjon, 3D og levande bilde, og som ønskjer å bidra aktivt inn i smidig prosjektarbeid frå start til slutt. Hos oss utviklar vi digitale læringsprodukt for medarbeidarar i spesialisthelsetenesten på Vestlandet. Vi jobbar målretta for å kome bort frå tunge, tekstbaserte kurs, og heller bruke god visuell formidling for å forklare kompliserte ting på ein enkel måte.
For å få til dette treng vi deg som kan kombinere visuell produksjon med god prosess- og brukarforståing.
Arbeidsoppgåver
Du kjem inn i eit tverrfagleg produksjonsteam med bakgrunn innan læringsdesign, pedagogikk og grafisk design. Hos oss vil rolla di vil veksle mellom visuell produksjon og deltaking i det breiare utviklingsløpet for e-læringskursa våre. Oppgåvene vil variere etter kva prosjekt og behov som kjem inn i løpet av engasjementet, men du vil mellom anna:
- Delta i prosjektmøter og samarbeide tett med fagmiljø på sjukehusa for å forstå målgruppa og kartleggje brukarbehov.
- Vere med i tidleg fase, konseptutvikling, kursskisser og manusarbeid saman med resten av teamet – og gjerne dra prosessar frå idé og storyboard til ferdig løysing.
- Lage korte animasjonar (2D/3D), video og visuelt innhald som forklarar prosedyrar eller faglege konsept i e-læringskursa våre.
- Bidra med generell produksjon, kursbygging og revisjonar i utviklingsløpet når det krevst.
Kvalifikasjonar
I tråd med kvalifikasjonsprinsippet legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit:
- Portefølje / Showreel (ønske): Vi ønskjer å sjå konkrete døme på kva du har laga av animasjon, 3D, video eller anna visuell historieforteljing.
- Du har relevant utdanning innan animasjon, 3D, digital medieproduksjon, visuell kommunikasjon eller tilsvarande. Solid praktisk erfaring og ein god portefølje kan vege opp for formell utdanning.
- Du er stødig og effektiv i relevante verktøy for animasjon, 3D og video (som t.d. After Effects, Premiere Pro, Blender eller tilsvarande), og har kjennskap til heile den kreative pipelinen. Kjennskap til forfattarverktøy for e-læring er ein fin bonus.
- Du har gjerne erfaring med – eller interesse for – manusarbeid, visuell konseptutvikling og smidig prosjektarbeid.
- Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Som person er du ein lagspelar som også jobbar godt på eiga hand.
- Du er fleksibel og open for å ta i eit tak der teamet treng det i produksjonen.
- Du er proaktiv og løsningsorientert
- Du er leveransedyktig og initiativrik
- Du er god på å gjere prioriteringar i ein hektisk kvardag
- Du er strukturert, systematisk og har fokus på kvalitet
- Du deler villig av din kompetanse til resten av teamet
- Du bidrar inn til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein variert kvardag: Du får brukt både den visuelle spisskompetansen din og evna til å jobbe med konsept, manus og prosjektutvikling i praksis.
- Ein jobb som betyr noko: Kursa og innhaldet du er med på å lage bidreg til ein tryggare og enklare arbeidskvardag for medarbeidarar i spesialisthelsetenesta på Vestlandet.
- Eit sterkt og uformelt fagmiljø: Vi er ein engasjert gjeng som deler kunnskap, sparrar i kvardagen og har låg terskel for å teste nye grep.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Hugs å leggje ved lenkje til showreel eller portefølje i søknaden din – vi gler oss til å sjå kva du har laga!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
- Kontaktinformasjon
- Frøy Kristin Johnsen, Seksjonsleiar
- Arbeidsstad
- Bjørnsons gate 29
- 5052 Bergen
- Nøkkelinformasjon:
- Arbeidsgivar: Helse Vest IKT
- Referansenr.: 5202417753
- Stillingsprosent: 100%
- Vikariat
- Startdato: 04.01.2027
- Søknadsfrist: 16.11.2026
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.