Om stillingen
Volda vidaregåande skule søkjer etter tilkallingsvikarar i fellesfaga (norsk, engelsk, samfunnskunnskap, naturfag, framandspråk og matematikk) og i programfaga knytt til dei ulike utdanningsprogramma til skulen.Skulen har også behov for tilkallingsvikarar i høve til elevassistentoppgåver.Omfanget vil kunne vere oppdrag på timebasis eller vikariat for ei tidsavgrensa periode skuleåret 2026/2027. Volda vidaregåande skule har om lag 440 elevar og 80 tilsette, og held til i moderne og trivelege lokale. Skulen har utdanningsprogramma Studiespesialisering, Påbygg, Musikk, dans og drama, Medium og kommunikasjon og Kunst, design og arkitektur. For meir informasjon, sjå nettstaden vår volda.vgs.no.
Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på ungdom, som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell. Du må vere engasjert og glad i å arbeide med ungdommar, og har utdanning og erfaring som er relevant i høve til eitt eller fleire av faga skulen tilbyr. Å ta oppdrag som tilkallingsvikar kan kanskje passe deg som er i deltidsjobb, er deltidsstudent eller er i ein situasjon der du har høve til korte eller lengre oppdrag.Arbeidsoppgåver Planlegge, gjennomføre og evaluere undervising i faga som du ev. vert tilsett i Ta del i profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid ved skulen Ta del i fag- og avdelingssamarbeid Delar av stillinga kan vere knytt til undervising av enkeltelevar/små grupper Utlysingsteksten har lang søknadsfrist, men vi registrerer fortløpande innkomne søknader og tek kontakt med deg dersom vi har oppdrag som er aktuelle for deg med di utdanning eller erfaring.
Pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring frå vidaregåande opplæring God digital kompetanse og forståing God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk Kompetanse til å sikre læringsprogresjon for alle typar elevar gjennom tilpassa opplæring og variert vurderingspraksis Ein tydeleg klasseleiar som er bevisst rolla si som motivator og inspirator for elevane Formell undervisningskompetanse i dei aktuelle faga
Positivt og inkluderande elevsyn med stort engasjement for elevane sitt sosiale og faglege miljøGod rollemodellGod på relasjonsbygging og klasseleiingGod fagleg formidlingsevneGode kommunikasjons- og samarbeidsevnerStrukturert og nøyaktig i læringsarbeidetTilpassar opplæringa og ser elevane og deira moglegheiterUtviklingsorientert og med evne til å reflektere over og forbetre eiga undervisningSamarbeidsorientert og likar å jobbe i team med kollegaer
Gode fagmiljø med eleven og eleven si læring i sentrumEit fagleg og pedagogisk profesjonsfellesskap der vi støttar kvarandre Eit inkluderande og nytenkande kollegium der du kan utvikle deg Gode pensjonsvilkår, gruppelivs- og ulykkesforsikring Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover og avtaleverk
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.