Helsefagarbeidar natt

Suldal Søknadsfrist 2. desember 2026 Helsefag
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Suldal sjukeheim har ledig fast stilling som helsefagarbeidar i 73 % nattevaktstilling.

Om Suldal sjukeheim

  • Me har to pleieavdelingar med totalt 38 rom
  • Me har årsturnus
  • Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer
  • Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme
  • Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet
  • https://youtube.com/shorts/bI15wtyVqug?si=qPa89t44levEaLo5

Om stillinga

  • Stillingsstorleik: 73 %
  • Stillingstype: fast
  • Turnus: arbeid kvar 3. helg, langvakter i helg
  • Oppstart: 01.02.2027

Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig

Arbeidsoppgåver

  • Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie av bebuarane ved sjukeheimen

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Personlege eigeskapar vil bli vektlagt
  • Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar medtryggleik og respekt
  • Gode datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Er trygg og sjølvstendig i faglege vurderingar
  • Tek ansvar og arbeider strukturert
  • Er lærevillig og nysgjerrig på velferdsteknologi
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljø og samarbeid

Tilsett i Suldal kommune

  • Helsefagarbeidarar får eit tillegg på kr. 10.000
  • Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal. Sjå her: Prøvebu i Suldal – Suldal kommune heimeside
  • Me har gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
  • Me har bedriftshelseteneste
  • Me har løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Me har nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysingar

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar
  • Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju
  • Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen