Om stillingen
Om stillinga
Er du ute etter ei meiningsfull bijobb – der du gjer ein forskjell for eit unikt menneske? HTF (Heimeteneste for yngre brukarar med funksjonsnedsetjing) i Stranda kommune søkjer ein person som kan bidra som tilkallingsvikar i eit lite, fagleg sterkt og omsorgsfullt team.
Arbeidsoppgåver
Arbeidstid og fleksibilitet
Det er mest behov for helgevakter/langvakter på 12,5 timar, men kveldsvakter kan også vere aktuelt. Vi er fleksible – og du blir ein del av eit team som jobbar aktivt med fagutvikling, der alle får bidra.
Kvalifikasjonar
Førarkort.
Gode norskkunnskaper både muntleg og skriftleg
Personleg eignaheit er avgjerande.
Personlege eigenskapar
Du er trygg i deg sjølv, roleg og skapar tryggleik rundt deg. Du er forståingsfull, god til å observere og tilpasse deg andre sine behov og åtferd. Du har godt humør, og trivst med å bidra til ein meiningsfull kvardag. Du jobbar sjølvstendig og aleine, men får god opplæring og rettleiing frå eit team med mykje erfaring og fagleg engasjement.
Vi tilbyr
Eit trygt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling og trivsel. God opplæring og rettleiing – du får tid til å bli trygg i rolla. Ei meiningsfull rolle der du gjer ein forskjell Fleksibilitet og respekt for at dette er ei bijobb.
Usikker på om dette passar for deg? Du treng ikkje ha erfaring frå før – det viktigaste er at du møter andre med ro, respekt og varme. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat – vi vil gjerne bli kjent med deg!
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.
