Om stillingen
Vil du vere med å forme oppveksten til barn og unge i Fjaler? Som kommunalsjef oppvekst får du ei nøkkelrolle i utviklinga av Fjaler kommune og blir ein del av leiargruppa til kommunedirektøren. Du får det overordna strategiske, faglege og økonomiske ansvaret for ein sektor med for tida tre skular, tre kommunale barnehagar, kulturskule (der Hyllestad kommune har vertskommuneansvaret) og eit interkommunalt PPT-samarbeid (pedagogisk-psykologisk-teneste). Du får også stor påverknad på kvardagen og framtida til barn og unge.
Saman med dyktige rektorar, styrarar, tilsette, tillitsvalde og folkevalde skal du vidareutvikle eit framtidsretta oppvekstmiljø med vekt på tidleg innsats, kvalitet og godt samarbeid på tvers av tenestene. Ansvar og hovudoppgåver Mål- og planarbeid for oppvekstsektoren. Leiaroppfølging av rektorar, styrarar og leiar for PPT-samarbeidet. Kvalitetsutvikling, IKT, HMT og berekraft i sektoren. Budsjettarbeid, økonomistyring og periodisk rapportering. Utviklingsprosjekt og oppfølging av særskilde saker saman med rektorane og styrarane.
Ansvar for at kommunen oppfyller pliktene som skuleeigar, inkludert system for kvalitetsvurdering, oppfølging av resultat og forsvarleg system for å følgje opp regelverket. Ansvar for kommunen si rolle som barnehagemynde, inkludert tilsyn, rettleiing, godkjenning, tilskot til private barnehagar og samordna opptak. Oppfølging av vertskommunesamarbeidet for kulturskulen. Saksførebuing til folkevalde organ og iverksetjing av politiske vedtak. Dialog med Statsforvaltaren om tilsyn, klagesaker og rapportering. Kven ser vi etter? Vi s…
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.