Om stillingen
Ei av våre kjekke kollegaer skal vidare i anna jobb, og det vert difor ledig 100% fast stilling som lærar frå 01.01.2027 ved Vikebygd skule. Vikebygd skule er ein fådelt barneskule med 29 elevar, i skuleåret 2026-2027, som ligg på Nå i Ullensvang kommune. Her møter ein eit dyktig og engasjert personale og herlege elevar. Skulen ligg fint plassert med tilgong til både eit fint uteområde og eit rikt nærområde med mange moglegheiter.
Vi nyttar oss aktivt av tilgang til fjord og fjell i både undervisning og SFO-tilbod. Arbeidsoppgåver: Arbeide for eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø. Planleggja og gjennomføra variert undervisning i tråd med LK 20 og gjeldande lovverk. Delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid. Bidra til eit godt skule-heim samarbeid og samarbeid med eksterne partar. Bidra til eit godt arbeidsmiljø. Det kan verte aktuelt med kontaktlæraransvar. Kvalifikasjonar: Godkjend undervisningskompetanse. Det er ynskjeleg med kompetanse i faga musikk, mat & helse, KRLE, matematikk og kroppsøving.
Andre fag er òg av interesse. God kompetanse innan klasse- og læringsleiing. God IKT-kompetanse. Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg. For tilsetjing innan skule, vert det stilt krav om politiattest. Personlege eigenskapar: Er positiv og samarbeidsvillig. Kan jobbe sjølvstendig og ta raske avgjersler. Er ein varm og tydeleg klasseleiar med stort fokus på elevane sitt læringsmiljø. Er ansvarsbevisst, fleksibel og har gode kommunikasjonsevner. Er løysingsorientert og omstillingsdyktig. Behandlar barn, føresette og kollegaer med respekt. Å vere personleg eigna k…
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.