SFO-medarbeidar

Klepp Søknadsfrist 3. november 2026 Deltid · Fast Skole og undervisning
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Har du lyst til å bidra til at barna får ein trygg, aktiv og kjekk SFO-kvardag? Då ønskjer vi å høyre frå deg!

Orre skule i Klepp kommune søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar til eit 40 % vikariat på SFO, med tiltreding etter avtale. Vikariatet varer til 31.07.2027. Stillinga kan passe godt for deg som er student og ønskjer å kombinere jobb med studium, eller for deg som ønskjer ei mindre deltidsstilling. Det kan òg vere aktuelt med ei mindre stilling på morgon-SFO, dersom dette passar for deg.

Arbeidsoppgåver

Som medarbeidar på SFO vil du mellom anna:

  • Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna
  • Delta i leik og ulike aktivitetar inne og ute
  • Bidra til eit godt og inkluderande miljø
  • Følgje opp barna sine behov og bidra til gode relasjonar
  • Samarbeide med dei andre tilsette på SFO og skulen
  • Bidra til praktiske oppgåver knytte til SFO-kvardagen

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg
  • Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel
  • Studentar innan barnehage, grunnskule, pedagogikk eller andre relevante fagområde er velkomne til å søkje
  • Gode samarbeidsevner og evne til å skape trygge og gode relasjonar til barn
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Personlege eigenskapar

  • Er trygg, positiv og omsorgsfull
  • Likar å vere saman med barn og ser verdien av leik og aktivitet
  • Er engasjert og tek initiativ
  • Er fleksibel og samarbeider godt med andre
  • Har gode relasjonelle ferdigheiter
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å kombinere arbeid med studium
  • Moglegheit for ekstra arbeid på morgon-SFO etter avtale
  • Ein arbeidsplass der du får vere med på å skape gode dagar for barna
  • Kontaktinformasjon
  • Kenth Magne Åsebø-Trodal, Rektor, +47 90790216
  • Arbeidsstad
  • Roslandsvegen 366
  • 4343 Orre
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Klepp kommune
  • Referansenr.: 5197185543
  • Stillingsprosent: 40%
  • Vikar
  • Søknadsfrist: 03.11.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen