Ringevikarar – Radøy ungdomsskule

Alver Søknadsfrist 30. desember 2026 Utdanning og oppvekst
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Radøy ungdomsskule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO. Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.

Radøy ungdomsskule ligg sentralt på Manger med nærleik til flott natur. Skulen har 28 tilsette som brenn for å skape ein god læringsarena for våre flotte elevar.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fårvær og behov for vikar.

Kvalifikasjonskrav

For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.

For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.

Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.

Vi tilbyr

Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen