Om stillingen
Dei kommunale barnehagane i Sykkylven er organisert i ei eining, fordelt på tre barnehagar. Dette er Blakstad Naturbarnehage (1 avd.), Ullavik barnehage (4 avd.) og Vikedalen barnehage (4 avd.).
Vi søkjar etter barnehagelærar til 90% engasjement. Stillinga er delt mellom Vikedalen barnehage (60%) og Ullavik barnehage (30%), og gjeld frå desember og ut barnehageåret 26/27. Dersom søkjar ønskjer det kan stillinga splittast.
Våre felles satsingsområde er Relasjonskompetanse, Språk, Friluftsliv og Solid Start Sykkylven.
Meir informasjon om barnehagane finn de på Sykkylven kommune si heimeside – https://www.sykkylven.kommune.no/tenester/barnehage/kommunale-barnehagar/
Vi oppfordrar menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
Barnehagelæraren har, i lag med pedagogisk leiar, ansvar for å drive avdelinga i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, inkl. Lov om barnehagar, rammeplan for barnehagar, årsplan samt andre kommunale vedtak og bestemmingar som har betydning for barnehagen si drift. Barnehagelæraren må sjå på barnehagen som ein heilskap og ha omsorg for alle barn, og skal aktivt delta i den faglege utviklinga av barnehagen.
Kvalifikasjonar
- Barnehage-/førskulelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
- Søkjarar som ikkje oppfyller dei formelle kompetansekrava, men som har relevant pedagogisk praksis kan bli vurderte til stillinga
- Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato, jf. barnehagelova
Personlege eigenskapar
- Du er ein person som er genuint interessert, og trivest i arbeidet med barn
- Du er ein person som er glad i å vere ute i all slags vér, og som kan inspirere andre til det same
- Du er ein person som er aktiv, undrande og utforskande i samspel med barn og vaksne
- Du er ein person som har evner til å setje seg inn i, og bli ein aktiv medspelar i dei prosjekt som er etablerte i barnehagen, og likedan som kan vere med på å initiere utvikling i tråd med dei planar og føringar som den pedagogiske leiinga legg
- Du er ein person som har evne og vilje til utvikling, både for eigen del og i høve til barnehagen som organisasjon
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordninga
- Tilsetjing i samsvar med offentleg avtaleverk
Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Vitnemål og attestar Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
- Kontaktinformasjon
- Steinar Klokk, Einingsleiar, 95972727, [email protected]
- Arbeidsstad
- Gråurvegen 2
- 6230 Sykkylven
- Nøkkelinformasjon:
- Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
- Referansenr.: 5200666025
- Stillingsprosent: 90%
- Engasjement
- Startdato: 01.12.2026
- Sluttdato: 08.08.2027
- Søknadsfrist: 05.11.2026
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.