Tilkallingsvikar i helse og omsorg 

Volda Søknadsfrist 30. desember 2026 Vikariat Helse og omsorg
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Sektor helse og omsorg tilbyr innbyggjarane i Volda kommune ulike tenester. Vi har i perioder behov for nye tilkallingsvikarar. Vi treng både sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar, assistentar og personar med sosialfagleg kompetanse. Vi har behov for motiverte og dyktige personar som liker å arbeide med menneske.

Inntak av nye vikarar vert gjort fortløpande ved dei seksjonane som har behov. Ver venleg å oppgi namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. Skriv gjerne også kva felt/ avdeling du er mest interessert i. Erfaring, kompetanse, referansar og personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.

Dei ulike avdelingane som kan ha behov for vikarar:

  • Institusjon (Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter)
  • Heimetenester (Heimesjukepleie og døgnbemanna omsorgsbustadar)
  • Rus og psykisk helseteneste
  • Bu og habilitering

Arbeidsoppgåver

Arbeidet består i helse- og omsorgsoppgaver til innbyggjarar i Volda kommune. Det vil vere ulike stillingsinstruksar ut frå kva avdeling og fagområde det gjeld.

Kvalifikasjonar

  • Du må være over 18 år gammal
  • Du må kunne norsk språk meget godt både munnleg og skriftleg
  • Du må ha vanleg datakunnskap
  • Du må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid
  • Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav
  • Faglærte, samt studentar innan relevante fagområder innan helse og sosialfag blir prioritert
  • I nokre seksjonar er det behov for førerkort klasse B for manuell gir. Ver venleg å oppgi dette i søknaden
  • Du må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før oppstart i arbeid. For arbeid ved sjukeheim må ein også levere eigenerklæring for mrsa.

Personlege eigenskapar

  • Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
  • Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
  • Liker utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
  • Tar initiativ og ansvar
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Er strukturert og presis når det gjeld arbeidstid

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande tariff
  • Sjølvstendig og variert arbeid
  • Tilgang på elæringskurs frå Glup
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Kontaktinformasjon
  • Elsebeth Melle, Avdelingsleiar heimeteneste, 91130521, [email protected]
  • Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91144863, [email protected]
  • Malene Rovde, Avdelingsleiar Rus og psykiatri, 99011980, [email protected]
  • Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar bu og habilitering, [email protected]
  • Arbeidsstad
  • Barstadmarka 2
  • 6102 Volda
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Volda kommune
  • Referansenr.: 5188197494
  • Stillingsprosent: 14%
  • Vikar
  • Søknadsfrist: 31.12.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen